Søk

close search
Justervesenet - logo
Justervesenets klokke (JV-UTC):

Vellukka ferdigpakkeseminar for fleire aktørar i handelsverksemda

I haust har Justervesenet gjennomført fleire seminar for forpakkarar og importørar av ferdigpakningar. Desse vart arrangert i Stavanger, Trondheim, Lillestrøm og Lillesand. Bakgrunnen er at ei revidert forskrift har gjeve behov for ny informasjon. Eit bra oppmøte og gode tilbakemeldingar tilseier ein vellukka seminarserie.

Kva er ei ferdigpakning?

Fleire varer ein får kjøpt i butikkar kjem ferdig pakka og er angjeve med eit

Skjerm i foredrag

Forskrifta om krav til innhald i ferdigpakningar er revidert.

nettoinnhald som er trykt på emballasjen. Eksempel på dette kan vere leskedrikk, grønsaksblandingar og kjøttdeig.

Ein kan definere ei ferdigpakning som kombinasjonen av følgjande:

  • ei vare og den individuelle emballasjen
  • ho er pakka utan at kjøparen er til stades
  • har ei vekt eller eit volum som er fastsett på førehand
  • innhaldet kan ikkje endrast utan at forpakninga enten blir opna eller gjennomgår ei synleg forandring

Fagbladet Matindustrien skriv at det vart omsett varer for 208,1 milliardar kroner i Noreg, og eit overslag viser at opp mot 75% av all daglegvare er ferdigpakka varer. Den reviderte forskrifta om krav til nettoinnhald i ferdigpakningar gjeld derfor mange verksemder.

Kvifor har vi ferdigpakkeseminar?

Justervesenet arrangerer seminar og opne kurs for å auke kunnskapen om bruk

Mann med flipboard

Håkon Skjolden har gjennomført seminar i heile landet.

av måleinstrument og måleresultat. Desse seminara har  spesifikt vore for produsentar og importørar av ferdigpakningar, nettopp på grunn av revidert forskrift. Det blir stilt krav som omfattar både nettoinnhald, merking og kontroll. I tillegg er formuleringa forenkla for betre forståing.

Håkon Skjolden frå Justervesenets distriktskontor sør har reist landet rundt for å gjennomføre seminara, og synast sjølv at det har det gått veldig bra. Blant anna fortel han om metodar for å optimalisere ein pakkeprosess, slik at bedrifta oppfyller krav til mengde og innhald utan unødig råvarebruk.  Ein tar og ein gjennomgang av merking, regelverk og krav. Sjå meir om krav og regelverk her.

Gode tilbakemeldingar

Chau Quynh Duong er fagansvarleg for ferdigpakningar i Justervesenet. Han

Deltakere i seminar sitter foran presentasjon

Fornøgde aktørar med gode tilbakemeldingar.

nemner og at informasjon om og forenkling av forskrifta er ei fin anledning for å nå ut til fleire gjennom seminar. – Det er nyttig for bransjen. Eg er fornøgd med at det har vore mange deltakarar. Dette er eit viktig tilbod for handelsverksemda og angår ein stor marknad.

Deltakarane har rangert kursets innhald og relevans høgt. Tilbakemeldingane har vore svært positive.

«Veldig fornøyd med seminaret, informativt og lærerikt.»

«Jeg følte det passa utmerket for meg, og fikk godt utbytte av å delta.»

«Veldig bra kurs. God dialog og foredragsholder har full kontroll.»

Aktørar tek sjølv initiativ

I Lillesand er det Gorines som har teke initiativ til seminar, etter ønske og initiativ frå handelsverksemda. Det set Nils Magnar Thomassen, Justervesenet sin avdelingsdirektør for tilsyn, pris på, etter som det viktigaste er at produsentar av varer til ferdigpakker får rettleiing og informasjon frå oss. Dei aller fleste ønskjer å følgje regelverket, det viser deltakinga og tilbakemeldingane frå deltakarane

Dersom det er behov for meir informasjon så oppfordrar Justervesenet til å ta kontakt, dette er ei prioritering som vi som oftast er i stand til å hjelpe med.

 

Sist endret 17. november 2022
Arkiv