Søk

close search
Justervesenet - logo
Justervesenets klokke (JV-UTC):

Justervesenet sin forvaltningsinformasjon foregår via Altinn. Dette gjeld informasjon om tilsyn, som til dømes vedtak og innkallingar til kontroll, sendt til bedrifter, organisasjonar og offentlege etatar.

Korleis får du beskjed?
Du får beskjed på SMS og e-post frå Altinn. Deretter må du logge deg inn på Altinn.no for å lese informasjonen på vegne av organisasjonsnummeret du representerer.

Krev post/arkiv-rolle
Om du ikkje ser brevet frå oss i Altinn, skulda dette truleg at du ikkje har post/arkiv-rolle for organisasjonsnummeret. Alle bedrifter skal ha ein eller fleire personar med denne rolla. Om du mangler rolla, må bedrifta ta kontakt med Altinn for at du kan få tildelt denne.

Finn du ikkje meldinga du har fått varsel om?
Sjå innboks, arkiv eller sletta i Altinn.

Om du framleis ikkje finn meldinga, skulda det mest sannsynleg at du ikkje representerer rett organisasjonsnummer. Klikk på namnet ditt oppe til høgre på sida.
Da får du opp ei oversikt over aktørar du har tilgang til i Altinn. Undereiningar og einingar som er sletta finn du ved å klikke på Vis alle aktørar. Her kan du velje
Sjå alle undereiningar. Sjekk i innboks, arkiv eller sletta for undereiningane, eller på organisasjonsnummer som er oppgjeve i varselet.

Står du fast kan du nytte deg av Altinn si side for brukarservice: https://www.altinn.no/hjelp
Der finn du óg kontaktinformasjon for rettleiing.

Kva er Altinn?
Altinn er ein internettportal med base i Brønnøysundregistera, for digital dialog mellom næringslivet, privatpersonar og offentlege etatar.

Sist endret 22. oktober 2021