Søk

close search
Justervesenet - logo
Justervesenets klokke (JV-UTC):

Hans Arne Frøystein vald inn som medlem i CIPM

Det øverste beslutningsorganet i den internasjonale metrologiverda har 18 medlemmer frå 18 ulike nasjonar. Som styret for Meterkonvensjonen (etablert i 1875) og BIPM er CIPM (Comité International des Poids et Mesures ) ansvarleg for å skape orden og einskap i vitskapen om måling, metrologi – for alle nasjonar. Dette arbeidet er viktig for forsking og framfor alt som ein del av kvalitetsinfrastrukturen i ein globalt samanvevd økonomi.

Samling av mennesker i dress foran inngangsparti

Noverande medlemmer av CIPM. Til høgre i andre rad på biletet: Hans Arne Frøystein. For tida er Wynand Louw, tidligare direktør for South African Metrology Institute, CIPM-president (fremste rad, andre frå høgre). Foto: BIPM / Carole Martin

På det 113. CIPM-møtet i Paris i mars 2024 vart avdelingsdirektør Hans Arne Frøystein i Justervesenet vald inn i denne komiteen. Hans Arne har vore tilsett i Justervesenet sidan 1987 og er avdelingsdirektør for Nasjonalt laboratorium.

Sist me hadde eit norsk medlem var i 1940, det var dåverande justerdirektør Daniel Isaachsen. Han var medlem frå 1924, etter tidlegare medlemmer Arndtsen (1889-1919) og Broch (1875-1889).

«Å sikre eit felles rammeverk i måleverda er ei stor og spennande oppgåve. Eg er stolt og glad for å kunne ta del i dette arbeidet. I dag arbeider vi for å utvikle metrologi for framtida. Dei store samfunnsutfordringane, som klima, energi, helse, digitalisering, kunstig intelligens og kvanteteknologi, kan berre løysast om dei er understøtta av pålitelege målingar – og dette i samarbeid med alle metrologiinstitutt over heile verda», seier Hans Arne Frøystein.

Linkar: https://www.bipm.org/en/-/2024-03-05-new-cipm-members

https://www.bipm.org/en/committees/ci/cipm

Sist endret 3. april 2024
Arkiv