Søk

close search
Justervesenet - logo
Justervesenets klokke (JV-UTC):

PROFESSOR OLE JAKOB BROCH

1818 – 1889

Broch var hovudansvarleg for innføringa av det metriske systemet i Noreg. Meterlova vart vedteken av Stortinget 12. mai 1875. Ho erstatta eit reint norsk system frå 1824 som nytta pund og tommar, og som i si tid vart foreslått av professor Chr. Hansteen. Den praktiske overgangen til metersystemet vart raskt gjennomført. Det vart gjort obligatorisk for alle frå 1. juli 1882. Parallelt med utviklinga i Noreg deltok Broch og i eit internasjonalt arbeid med å harmonisera måleeiningane. 20. mai 1875 vart Meterkonvensjonen underteikna i Paris av 17 land mellom anna også Noreg/Sverige. Konvensjonen vart ratifisert av Stortinget allereie 26. mai. Noreg vart såleis det fyrste landet som ratifiserte Meterkonvensjonen. Broch vart seinare direktør for BIPM (det internasjonale byrå for mål og vekt) i Paris frå 1879 til sin død i 1889. Han spelte ei heilt sentral rolle i samband med støypinga av dei internasjonale prototypane for meter og kilogram.
Broch hadde ei allsidig karriere bak seg før han på slutten av livet vart engasjert i mål og vekt. Han var utdanna som matematikar og vart utnemnd til professor i matematikk ved Universitetet i Oslo i 1858. Han var og politikar og entreprenør. I 1857 vart han vald inn i kommunestyret i Christiania der han satt i 27 år med eit avbrot på 4 år i samband med hans tid som statsråd. Han sat på Stortinget i 3 periodar, vald inn i 1862, 1865 og 1868. I 1869 vart han statsråd for Marine- og postdepartementet. Broch var vidare stiftar av Noregs og Skandinavias fyrste livsforsikringsselskap i 1847, seinare kalla Gjensidige, der han var direktør fram til 1889. Han blir rekna som Noregs fyrste forsikringsmatematikar. Han engasjerte seg og sterkt i bygginga av Eidsvoldbana og var sjølv fyrste jernbanedirektør frå 1855 til 1868. Vidare var han ein av hovudmennene bak opprettinga av Noregs fyrste forretningsbank, Den norske Creditbank, i 1857.

Broch hadde 17 ærestitlar i fysikk, mekanikk og matematikk ved utanlandske universitet.

JUSTERDIREKTØR ADAM FREDRIK OLUF ARNDTSEN

1829 – 1919

Arndtsen var justerdirektør frå 1875 til 1914 då han søkte om avskjed 85 år gamal. Han vart cand.med. i 1854 etter at han allereie som student hadde vunne den Skjelderupske gullmedaljen for ei avhandling om bruk av elektrisitet i medisinen. I perioden 1856-67 hadde han eit universitetsstipend i fysikk og studerte då eit par år i utlandet, fyrst i Göttingen under Wilhelm Weber og seinare i Paris under Verdet. Han vikarierte og i eit par professorat ved universitetet i Christiania. I 1866 grunnla han ein privat klinikk for elektroterapi som han dreiv i nokre år. I 1873 vart han lærar i fysikk ved den militære høgskulen. Same år vart han og medlem av kommisjonen for mål og vekt, og han førebudde saman med professor O.J. Broch og Fearnley innføring av metersystemet i Noreg. Justerdirektørstillinga vart oppretta i 1875 og Arndtsen vart tilsett som fyrste justerdirektør.
Som justerdirektør fekk Arndtsen ansvar for den praktiske gjennomføringa av overgangen til metersystemet i Noreg. Det vart oppretta justerkammer i stiftsstadane og i Stavanger og i tillegg justeringskontor med innskrenka justeringsrett i mange byar. Metersystemet vart obligatorisk i Noreg frå 1. juli 1882. Omreguleringa av gamle vekter og volummål til metersystemet vart sett i verk av Justervesenet i løpet av ei periode på tre år. I alt vart det omregulert 27 377 bismarvekter, 35 290 logg 3 112 heil- og halvtønner. Etter at overgangen til metersystemet vart sett i verk vart storparten av justeringskontora etter kvart nedlagde, slik at Justervesenet vart sitjande att med 8 justerkammer, eit i kvar stiftsstad samt Stavanger og Kristiansund og eit justerkontor i Ålesund. I starten hadde Justervesenet og fabrikasjon og sal av måle- og vektreiskap. Dette var det slutt på i 1890.
Politiet hadde ansvar for kontrollen av måleinstrument i bruk. Arndtsen meinte dei korkje hadde tid eller kompetanse til å utføre denne oppgåva på ein forsvarleg måte. Han foreslo difor på byrjinga av 1900-talet at særleg utdanna kontrollørar kunne ta over oppgåva og at det vart sett i verk periodisk kontroll. Det skulle vise seg at det tok nesten 40 år før dette vart sett i verk.
Arndtsen sitt vitskapelege arbeid omfatta emne frå medisinsk fysikk og undersøkingar av magnetiske, elektriske og optiske eigenskapar, han studerte mellom anna korleis den elektriske motstanden i metall veksla med temperaturen. Han skreiv og fleire lærebøker.
Frå 1889 til 1913 var han medlem av den internasjonale komité for mål og vekt (CIPM).

JUSTERDIREKTØR DANIEL ISAACHSEN

1859 – 1940

Isaachsen var justerdirektør frå 1914 til 1929 da han gjekk av ved oppnådd aldersgrense. Han studerte ved universitetet i Christiania og tok matematisk-naturvitskapeleg lærareksamen (cand.real) i 1883. I 1883 vart han tilsett som assistent for professor Ole Jacob Broch ved det Internasjonale byrået for mål og vekt (BIPM) i Paris. Han deltok i dei grunnleggjande målingane av prototypane i det metriske system. I 1886-87 hadde han stipend for å studere fysikk hos Helmholtz i Berlin og arbeidde så ved BIPM att til han fekk eit universitetsstipendiat i fysikk i Christiania i 1889. I 1891 vart han overlærar i fysikk ved Trondheims tekniske læreanstalt og i 1893 dosent i matematikk og fysikk ved Sjøkrigsskulen i Horten, til han vart utnemnd til justerdirektør i 1914. I åra 1906-16 vikarierte han for professor Kristian Birkeland som forelesar og eksaminator i fysikk ved Universitetet i Christiania. Frå 1916 var han lærar i fysikk ved den Militære høgskulen.
Isaachsen skreiv fleire lærebøker. Den kanskje mest kjende er læreboka ”Fysikk for gymnaset” som er gjeve ut i fleire utgåver. Han skreiv og talrike artiklar om fysiske og tekniske emne i den tekniske pressa og dagspressa.
Frå 1922-40 var han medlem av den Internasjonale komité for mål og vekt (CIPM) og i perioden 1927-33 var han og sekretær for komiteen.

JUSTERDIREKTØR OLAF ANDREAS FALK

1885 – 1971

Falk var justerdirektør frå 1929 til 1955. I 1911 tok han eksamen ved Bergens tekniske skule. Seinare studerte han ved Noregs tekniske høgskule (NTH) og ved dei tekniske høgskulane i Berlin og Aachen der han tok doktorgrad i 1924. I 1911-12 var han verksmeister ved NTH’s materialprøveanstalt. I 1913 vart han styrar av Marinens artilleriverkstad i Horten, ei stilling han hadde fram til 1917 der han i nokre få år var overingeniør hos Chr. Wisbech i Kristiania. Frå 1919 var han lærar ved NTH i beskrivande maskinlære i 10 år til han vart utnemnd til justerdirektør.
På 30-talet utførde Falk eit viktig arbeid i samband med revisjon av lova om metrisk mål og vekt av 14. juli 1922. Lovforslaget passerte Regjeringa 5. April 1940, men den rakk ikkje å bringe over proposisjonen til Odelstinget før krigsutbrotet. Lova vart difor ikkje formelt vedteken før etter krigen, 31. oktober 1946. Politiet hadde tidlegare ansvar for det offentlege ettersynet med måleinstrument. Dette arbeidet vart ikkje prioritert og Falk arbeidde i fleire år for at dette arbeidet skulle takast over av Justervesenet. Planen var opprinneleg å setje i verk dette frå 1. juli 1940, men på grunn av krigen var det fyrst sett i verk 30. november 1944. Eit nytt reglement for Justervesenet vart fastsett 24. september 1949.
Falk har skrive fleire tekniske artiklar i norsk og tysk fagpresse. Han arbeidde stadig med konstruksjon av nye instrument og måleapparat til mange ulike føremål, noko han heldt fram med etter at han gjekk av som justerdirektør. Dette omfatta ei forbetring av eit apparat for måling av vasstraum, ein ny nivåmålar for vatn og olje og ei brevvekt for luftpost. Apparata vart mellom anna teke i bruk av Vassdragsvesenet, Postdirektoratet og Oslo Lysverker. Han er og kreditert for oppfinninga av brisant brannrøyr som vart brukt i marinen.
Brisant = høgeksplosiv (tysk)

JUSTERDIREKTØR STURE PARELIUS KOCH

1904 – 2002

Koch var justerdirektør frå 1955 til 1974 då han gjekk av ved oppnådd aldersgrense. Koch vart utdanna ved universitetet i Oslo. Han tok embetseksamen i fysikk med innstilling til Kongen i 1931. I 1931-32 arbeidde han som vitskapeleg assistent i laboratoria til det internasjonale byrået for mål og vekt (BIPM) under direktør og Nobelpristakar Ch. Ed. Guillaume. Etter det hadde han i 1932-34 eit studieopphald under professor Gerlach i München. Han vende så tilbake til Noreg og var stipendiat ved universitetet i Oslo i åra frå 1934 til 1937. I forskinga si konsentrerte han seg om optikk, ferromagnetisme og elektrisk leidningsevne. I 1937 var han utnemnd til dosent i fysikk ved Noregs Tekniske høgskule i Trondheim. Der var han under krigen i 1943 med å stifte lineforeininga NABLA for fysikarar. Det var fyrst etter krigen, i 1946, at det kom i gang eigen studieline for teknisk fysikk. Koch skreiv fleire kortfatta kompendium som var til stor nytte for mange generasjonar av studentar.
I 1947 flytta Koch til Bergen og vart tilsett ved det nyleg etablerte Forsvarets forskingsinstitutts avdeling for radar, fyrst som forskar og frå 1949 som forskingssjef. Han hadde ansvar for mellom anne opprettinga av dei to fyrste operative radiolinesambanda i Noreg. Produksjonen av det teletekniske utstyret vart sett ut til bedrifta NERA A/S som oppretta ei dotterbedrift i Bergen for føremålet.
Då Koch kom til Justervesenet i 1955 måtte han starte og byggje opp att den faglege verksemda. Det var eit sterkt behov for å modernisere laboratoria som hadde vorte forsømd sidan før krigen. Koch hadde sterke faglege interesser og var ein dyktig førelesar. Som justerdirektør underviste han ved Schous tekniske Vitenskapsakademi i ei årrekkje. I 1956 vart Koch vald som medlem i Noregs Tekniske Vitenskapsakademi.
Å verte pensjonist sette ingen stopp for Koch sitt faglege engasjement. Han arbeidde nesten dagleg i Justervesenet sine laboratorium i heile 18 år etter at han gjekk av for aldersgrensa. Han tok seg spesielt av treninga av unge kandidatar og lærde dei opp til dyktige målefysikarar. Koch deltok på Justervesenet sine julebord heilt opp til ein alder av 96 år.

JUSTERDIREKTØR KNUT BIRKELAND

1929 – 2004

Birkeland vart sivilingeniør frå Noregs tekniske høgskule i 1958. Etter å ha arbeidd ei periode hos Nera i Bergen og P.A. Madshus med måletekniske problemstillingar vart han i 1964 tilsett i Justervesenet. I 1974 vart han utnemnd til justerdirektør, ei stilling han hadde til han i 1994 gjekk av med pensjon. Tida i Justervesenet var avbroten av korte studieopphald i utlandet ved nasjonale måletekniske laboratorium.
I Birkeland sin periode som justerdirektør vart Norsk Akkreditering etablert som avdeling i Justervesenet i 1991 (som etterfølgjar etter Norsk kalibreringsteneste som vart starta i 1987). Planlegging av det nye, moderne bygget på Kjeller var utført under leiinga hans. Bygget erstatta lokale i Nordahl Bruns gate i Oslo sentrum der Justervesenet hadde halde hus sidan 1881. Nybygget på Kjeller sto ferdig i 1997. Birkeland er og forfattar av boka ”Mål og vekt – Ordbok over måleenheter med omregningstabeller” (Cappelen 1968).
Birkeland hadde eit sterkt internasjonalt engasjement. Han var norsk representant i hovudforsamlinga i International Organization for Legal Metrology (OIML) frå 1974, OIML’s president i tida frå 1980 til 1994 og seinare æresmedlem i organisasjonen. Han var ein pådrivar for etablering av OIML’s sertifikatsystem. Han var norsk representant og delegasjonsleiar i ei mengd nasjonale og internasjonale komitear og konferansar innan lovregulert og generell måleteknikk og akkreditering, og aktiv i nordisk samarbeid innan desse områda.
Etter at han vart pensjonert frå Justervesenet i 1994, utarbeidde Birkeland ein ny strategi for OIML, på oppdrag frå organisasjonen, frå 1994 til 1995. Birkeland døydde i Spania 12. september 2004.

JUSTERDIREKTØR HELGE KILDAL

(1942 -)

Helge Kildal er utdanna som sivilingeniør ved Noregs tekniske høgskule i 1967.
Han har M.Sc. 1967 og Ph.D. 1972 frå Stanford University, California, USA, i anvend fysikk. Han arbeidde ved MIT Lincoln Laboratory som forskar innan anvendt optikk 1972-1980. Spesialområda hans var optisk spektroskopi, ikkje-lineær optikk og optiske materiale. Attende i Noreg var han forskar ved Forsvarets forskingsinstitutt frå 1980 til 1981 og seksjonssjef for informasjonsteknologi ved Noregs teknisk- naturvitskapelege forskningsråd frå 1981til 1988. Han var forskingsdirektør i Senter for industriforsking (no SINTEF) i perioden frå 1988 til 1994 og leia ei avdeling for automatisering, seinare avdeling for instrumentering. I perioden frå 1990 til 1995 hadde han deltidsstilling som professor ved Universitetet i Oslo og underviste i optoelektronikk. Han er medlem av Noregs tekniske vitenskapsakademi.
Kildal var justerdirektør frå 01.01.1995 til 31.12.2006. Under leiinga hans vart Norsk Akkreditering bygd opp til ei effektiv teneste, akseptert i multilaterale avtalar om gjensidig aksept (og i 2004 skild ut av Justervesenet som eigen statleg etat). Nasjonalt laboratorium kom med i Meterkonvensjonens ”Mutual Recognition Arrangement” (MRA) og tal på normalar vart sterkt utvida. Eit forskingsprogram vart starta, og dei to fyrste dr.grader vart utført i Justervesenet. Fleire av justerkammera vart akkrediterte som kalibreringslaboratorium. Kildal var medlem av EUROMET sin Executive Committee i perioden 2000-2006. Justervesenet sitt arbeid vart sterkt rasjonalisert på mange måtar. Tal på justerkammer vart redusert frå ni til fem. Avansert mobilt utstyr vart teke i bruk for kontroll av tankbilar, dei såkalla ”volumbilane”. Målekontroll basert på risikoanalyse og samfunnsmessig kost-nytte-analyse vart starta. Justervesenet fekk ansvar for å utarbeide regelverk, og ny ”lov om måleiningar, måling og normaltid” vart vedteke i Stortinget i 2006. Det vart innført kontroll på eit nytt viktig område; elektrisitetsmålarar, og fleire område vart førebudd.

DIREKTØR ELLEN STOKSTAD

(1951-)

Ellen Stokstad var direktør for Justervesenet frå 1. januar 2007 til 1. mai 2016. Stokstad er sivilingeniør i teknisk fysikk frå NTNU (1977), med studieretning målefysikk. Ho har vidareutdanning frå det Norske Veritas (1977-1979) og Forsvarets høgskule (1999).  Stokstad har tidlegare hatt ulike stillingar i DNV, mellom anna som leiar for Materialavdelinga ved Skipsdivisjonen. Frå 1988-94 var ho teknisk sjef i Gran kommune og rådmann på same stad frå 1994-2006.
Stokstad har hatt mange styreverv for offentlige og private verksemder og har delteke i fleire offentlege utval. Ho har og vore forelesar ved Forsvarets høgskule.
Stokstad var ein sentral aktør for å få implementert ny lov, Lov om målenheter, måling og normaltid som kom i 2007. Det same gjeld Lov om varer av edelt metall, som Justervesenet fekk det forvaltningsmessige ansvaret for i 2011.
I 2011 stod Stokstad for ei omorganisering av Justervesenet. Profilering av tenestebilar og arbeidstøy var med på å synleggjere Tilsynsavdelinga. Justervesenet fekk med det ei modernisering, blant anna ved at gamle begrep som justermester og justerkamre vart endre til distriktssjef og distriktskontor. Moderniseringa gjaldt ikkje berre organisasjonen, men og regelverket, og nye tilsynsformer vart tatt i bruk. Ellen Stokstad har fått ros for sin funksjon som brubyggjar mellom Justervesenet og departementet. Justervesenet si leiargruppe vil hugsa ho som ein samlande leiar.

 

Sist endret 26. juni 2020