Søk

close search
Justervesenet - logo
Justervesenets klokke (JV-UTC):

Utan ei felles forståing av mål ville ikkje tannhjula i samfunnet passe saman lenger. Derfor er det behov for eit forvaltningsorgan som sørgjer for at maskineriet fungerer.

Justervesenet er sett til å forvalte denne viktige oppgåva:
Å sørgje for at du og eg, næringsliv og styresmakter har tiltru til at norske måleresultat er tilstrekkeleg nøyaktige.

Korrekte målingar kjem alle til gode
Måleinstrument kalibrerte hos Justervesenet har eit kvalitetsstempel. Vi har laboratorium for temperatur, masse, tid og frekvens, lengde, volum og gjennomstraumar, optikk og elektriske storleikar. Det finst også eit klimakammer for kvalitetstesting av elektronisk måleutstyr. Alt dette gjer at Justervesenet sine kundar kan vere tryggje på at dei opererer med riktige måleresultat. Kontroll på målingar er dessutan ein føresetnad for at samarbeid over landegrenser skal fungere.

Skaper tillit
Arbeidet Justervesenet gjer er viktig for tilliten folk har til andre offentlege organ. Det skulle vere nok å nemne politiet sine fartsmålarar. Viser dei feil, kan det få store konsekvensar for dei det gjeld. Ved kjøp og sal er også riktige målingar avgjerande. Med bakgrunn i lov og forskrifter følgjer Justervesenet opp med tilsyn og kontroll, frå sør til nord i landet vårt.

Hjelper næringslivet
Vi hjelper også næringslivet med å kalibrere utstyret sitt, slik at det held den kvaliteten det skal. Bedrifter, laboratorium eller offentlege organ sender utstyret sitt til Justervesenet. Så blir det samanlikna med referansane våre, slik at presisjonen blir dokumentert og utstyret kvalitetssikra.

Skreddarsydde kurs
Justervesenet arrangerer i tillegg både opne og bedriftsinterne kurs for å auke kunnskapen om bruk av måleinstrument og måleresultat. Bedriftskundar kan få skreddarsydde kurs frå Justervesenet som hevar kompetansen i organisasjonen. For eksempel underviser vi i metodar for å optimalisere ein pakkeprosess, slik at bedrifta oppfyller krav til mengd og innhald utan unødig råvarebruk. Det holdes også kurs i korleis ein estimerer måleusikkerheit i eigne målingar. Dette er sentral kompetanse mellom anna for bedrifter som må oppfylle strengje toleransar i produksjonen.

Lange tradisjonar
Noreg fekk si eiga lov om mål og vekt i 1824, og «Reglement for Justeervæsenet» kom allereie i 1832. Noreg signerte den internasjonale Meterkonvensjonen ved danninga i 1875.

Våre målingar er godtekne i heile verda, og denne kompetansen kan hjelpe utvikling i næringslivet og hos styresmakter.

Sist endret 16. mai 2022