Søk

close search
Justervesenet - logo
Din tid er etterforan Justervesenets tid (JV-UTC)

Justervesenet sitt bygg er unikt. Det er designa for nøyaktig måleteknikk, og vi har eit av dei mest avanserte bygga i heile Europa. Det har ein spesiell arkitektur, og er teikna av Kristin Jarmund, med Statsbygg som byggherre. Bygget vart teke i bruk 1997 og har fått Houens arkitekturpris i tillegg til Skedsmo kommune sin pris for god arkitektur.

jv bilde

Bygget inneheld 35 enkeltlaboratorium. Alle laboratoria har klimastyring, for dei mest kritiske er krava at temperaturen skal vera stabil innanfor +/- 0,1 °C og fukt innanfor +/- 2,5 % RH. Laboratoria der elektriske målingar skjer er skjerma mot elektromagnetisk stråling opp til enten 10 eller 40 GHz, og med demping på enten 80 eller 100 dB. Laboratoria for veging og lengdemåling har vibrasjonsdempa arbeidsbord. Dei er utan kontakt med operatørgolvet, bordbeina går gjennom hol i golvet og står direkte på betongfundament i kjellaren som igjen er isolerte frå grunnfjellet med luftputer.

Byggets konstruksjon hvor sentrale måleinstallasjoner hviler på  luftputer, sikrer målinger mot vibrasjoner.
Vibrasjonsdemping ved veging

Byggets avanserte klimaanlegg sikrer at  hvert laboratorium holder rett temperatur.
Klimaanlegg for styring av temperatur og fukt

Kontaktperson: Hans Arne Frøystein

Sist endret 24. september 2015
MENY