Søk

close search
Justervesenet - logo
Justervesenets klokke (JV-UTC):

Justervesenet tilbyr kalibrering av normalar og måleinstrument. Alle kalibreringane er refererte til dei nasjonale normalane som Justervesenet har ansvar for. Desse representerer dei mest nøyaktige målingane som kan utførast i Noreg. Kalibreringar som Justervesenet utfører tilfredsstiller ISO 9000-krav til sporbar kalibrering for sertifiserte verksemder. Sjå under menypunktet kalibrering i menyen for meir informasjon frå dei ulike fagområdane.

Tenestetilbodet er i utvikling, finn du ikkje eksakt den tenesta du er ute etter på sidene, kan det hende vi kan hjelpe deg likevel. Ta i så fall kontakt. I tillegg til sjølve kalibreringa, kan vi også gje råd om måleteknikk, kalibrering og bruk av måleinstrument.

Vi tilbyr kalibrering innan områda:

Leveringsbetingelser for kalibrering av måleinstrumenter

Elektronisk signering av kalibrerinbreringsprov

Når kalibrering er gjennomførd blir kalibreringsprovet sende på e-post til kontaktperson for oppdraget. Kalibreringsetikettane blir sende til oppdragsgivar saman med instrumentet/instrumenta når desse blir returnerte frå Justervesenet.

Kalibrering av vektar som ikkje er kontrollpliktige

Vi tilbyr ikkje lenger denne tenesta, då vi ikkje kan prioritere dette. Justervesenet tilrår at bedrifter som har behov for denne tenesta tek kontakt med andre aktørar som utfører slike kalibreringar.

Vi understrekar at dette berre gjeld kalibrering av vektar som ikkje er kontrollpliktige i medhald av lov om måleiningar, måling og normaltid. For kontrollpliktige vektar vil Justervesenet sin aktivitet halde fram som før.

Relevante sidar:
Måleusikkerhet
Kalibrering og sporbarhet

For nærare informasjon, ta kontakt med: Hans Arne Frøystein

Sist endret 22. mars 2022