Felles standardar for måling er heilt nødvendige for handel, industriell produksjon og tryggleik. Ta bilindustrien, til dømes. Bildelar blir ofte produserte på ulike stader og i ulike land, og då er det ein føresetnad at ein har ei felles forståing av måleiningar
Bildelane må passa perfekt saman, elles hadde me ikkje hatt nokon bilar på vegane. Internasjonalt samarbeid om måleiningar har derfor vore avgjerande for teknologiutviklinga.
“Sidan 2000-talet har det vore eigne europeiske metrologiprogram, men samarbeid på tvers av landegrenser har eksistert mykje lenger”, seier Hans Arne Frøystein, avdelingsdirektør for nasjonalt laboratorium. Han siktar mellom anna til at Meterkonvensjonen, ein internasjonal avtale for måleiningar, vart signert i 1875. Noreg var med på å signera denne avtalen, og no er me i Justervesenet, som nasjonalt metrologisk institutt, med på eit titals europeiske forskingsprosjekt. Via desse løyser me globale problemstillingar innan metrologi.
Bilindustrien er berre eitt døme, for metrologi er essensielt for utvikling innan veldig mange område. Det omfattar alt frå helse og klima- og miljøovervaking, til halvleiarteknologi og industri, og dessutan utvikling av målesystem for elektrisitetsnett, hydrogen og karbonfangst-nytte og -lagring. Dei nasjonale metrologiinstitutta i Europa jobbar kontinuerleg med aktuelle problemstillingar innanfor desse feltane.
Ei slik problemstilling kan vera at optisk måleutstyr må kalibrerast regelmessig, noko som gjer det ineffektivt. Det er det no langt på veg komme ei løysing for. I prosjektet chipS·Cale, har fleire europeiske partnarar i samarbeid utvikla ein sjølvkalibrerande optisk standard – eit såkalla “metrologiinstitutt-på-ein-chip” – som gir presise måleresultat utan behov for ekstern kalibrering. Slike optiske sensorar blir brukte i medisinsk utstyr for å analysera blod- og vevsprøver, blir brukte i MR-diagnostikk og vevsskanning for tidleg diagnose av sjukdommar, i tillegg til at laserbasert kirurgi og strålebehandling krev svært presise optiske målingar.
Justervesenet har teke initiativet til prosjektet, ført søknadsprosessen og leidde gjennomføringa, og det har peika ut seg internasjonalt. I eit europeisk samarbeidsprosjekt har me utvikla verdsleiande teknologi som no blir kommersialisert for sal for kundar over heile kloden. Forskinga vår kan påverka mange.
Når forskingsinstitusjonar slår saman kreftene, kan ein oppnå store resultat. Det er nettopp det som er poenget med partnarskapen EURAMET: Då det er mogleg å leggja saman ressursane som finst i dei ulike institutta, kan ein løysa problem som er større og tyngre enn eit enkelt institutt eller land kunne ha klart individuelt.
For at Europa skal vera konkurransedyktig, må me samarbeida. I framtida må me halda fram med problemstillingar og innovasjonar innanfor metrologi, som kan støtte oppunder materialteknologi, produksjonsmetodar, kvanteteknologi og avansert industriutvikling. Dette vil vera viktige område framover, i tillegg til sirkulær økonomi, energitryggleik og helse.
Felles standardar for måling har vore og er ein føresetnad for utvikling, og det vil framleis spela ei avgjerande rolle for å møta nye teknologiske og samfunnsmessige utfordringar i framtida. 150-årsjubileet for Meterkonvensjonen er derfor eit fint høve til å reflektera over korleis internasjonalt samarbeid innan metrologi har styrkt utviklinga over heile verda. – “Utan denne avtalen hadde me ikkje vore her me er i dag”, seier Hans Arne.
Her kan du og sjå ein video om kva Hans Arne tenkjer om metrologisamarbeidet.
Telefon:
64 84 84 84
E-post:
postmottak@justervesenet.no
Kontaktskjema:
Fyll ut vårt kontaktskjema, så svarer vi så raskt vi kan.
Gå til kontaktskjema