By Ina Marlen Andresen
|
3. juli 2025

Metrologi i OptiFish – slik skal vi forbetre global fiskeriforvalting

Overfiske, feilrapportering og ulike reglar frå land til land gjer det vanskeleg å halde oversikt og verne havet. Det er her OptiFish kjem inn.

Korleis skal vi sørgje for at det framleis finst fisk i havet i framtida? I ei verd med stadig fleire menneske og knappare ressursar, er det viktigare enn nokon gong å ta godt vare på naturen – og særleg fiskebestandane våre. OptiFish er eit EU-støtta forskingsprosjekt som skal utvikle smartare måtar å overvaka og kontrollere fiskeria på. Ein viktig del av dette arbeidet handlar om metrologi – altså vitskapen om måling. Målet er å sørgje for at data vi samlar inn, faktisk er til å stole på – same kvar i verda dei kjem frå.

Kvifor er dette viktig?

Klimaendringar gjer det vanskelegare å produsere nok mat til alle. Samtidig bidreg matsystema våre til utslepp av klimagassar og tap av natur. EU har derfor sett seg eit ambisiøst mål: Å bli det første klimanøytrale kontinentet innan 2050. Ein del av denne planen er “Farm to Fork”-strategien – den handlar om å gjere maten vi et meir berekraftig, rettferdig og trygg. Og det gjeld også fisken. Men for å få det til, må vi løyse nokre utfordringar: ulovleg og uregistrert fiske, tungvinte manuelle rutinar, og lite openheit i kontrollsystema. Det er desse problema OptiFish vil gjere noko med.

Ny teknologi gir betre kontroll

OptiFish er eit samarbeid mellom 19 organisasjonar i 8 ulike land, og varer frå 2024 til 2028. I løpet av perioden skal fem pilotprosjekt teste ut nye teknologiar i ulike typar fiskeri. Dette er nokre av løysingane dei skal prøve ut:

  • DNA-analysar for informasjon om fisken som er fanga
  • Undersøking av fiskehelse basert på DNA
  • EM-kamera som kan berekna kor mykje fisk som er tekne opp
  • Robotar som kan kjenne igjen fiskeslag
  • Hyperspektrale/multispektrale kamera som vurderer kvalitet og helse på fisken
  • Digitale system om bord som automatisk rapporterer fangst

Alt dette skal gjere det enklare å følgje regelverket, redusere svinn og gjere sjømat meir sporbar – frå båt til forbrukar. I tillegg blir det jobba tett med både fiskarar og styresmakter for å sikra at løysingane faktisk fungerer i praksis.

Kva har metrologi med dette å gjere?

Vi samarbeider tett med Fiskeridirektoratet, kor målet er å levere eit utkast til ein internasjonal kontrollavtale, og lage forslag til standard og testprosedyrar. For at ny teknologi skal kunne brukast på tvers av land og båtar, må vi vere sikre på at han måler rett – og måler det same kvar gong. Her kjem metrologi inn i biletet. For denne teknologien finst det lite eller ingen standarder frå før. Vi utviklar mellom anna krav til kor nøyaktig og påliteleg teknologien må vere. Dette er ekstra krevjande fordi mykje av teknologien byggjer på kunstig intelligens (KI), som må trenast opp med store mengder data. Det krev nye måtar å tenkje måling og kvalitetssikring på. Resultata frå arbeidet kan få noko å seia også utover fiskerinæringa – til dømes i andre bransjar der KI skal bli brukt i måling og kontroll.

Måling er nøkkelen til tillit

Ved å byggje inn metrologiske prinsipp i systema heilt frå starten, sørgjer OptiFish for at data kan stolast på – både av styresmakter, internasjonale samarbeidspartnarar og forbrukarar. Tillit er heilt avgjerande for å kunne handheve regelverk, sikra rettferdig handel og byggje eit berekraftig system for framtida.

Måling hjelper innovasjon

OptiFish viser korleis måling og standardisering ikkje berre handlar om tal og teknikk – det handlar om å skape nye løysingar og løysingar som varer. Når teknologi og målevitskap jobbar saman, får vi ein meir open, rettferdig og berekraftig sjømatnæring – til det beste for både fiskeria, naturen og dei som et fisken.

 

 

Kontaktskjema:

Fyll ut vårt kontaktskjema, så svarer vi så raskt vi kan.
Gå til kontaktskjema