Skip to main content
Din side Meny
Av Ina Marlen Andresen
|
12. november 2026

Korleis kan vi skape tillit til KI i fiskerinæringa?

Ny teknologi skaper stadig nye moglegheiter i fiskerinæringa. Kunstig intelligens (KI) kan bidra til betre datagrunnlag og meir effektiv dokumentasjon og kontroll. Samtidig skjer utviklinga så raskt at det kan vere utfordrande å sikre at praksis og regelverk held tritt. Derfor er det behov for felles metodar og krav som kan skape tillit til teknologien

Slik bidreg Justervesenet

Ei utfordring ved innføring av KI-system i fiskerinæringa er at prestasjonsresultata frå ulike system kan sjå like gode ut på papiret, sjølv om systema er testa under svært ulike forhold. Dette gjer det vanskeleg å samanlikne resultata på ein rettvis måte.

Gjennom OptiFish-prosjektet arbeider Justervesenet, Fiskeridirektoratet og fleire andre aktørar med slike utfordringar. Justervesenet har ansvar for å utvikle felles metodar for testing og evaluering av maskinsynssystem, altså system som bruker kamera og KI til å identifisere og dokumentere fangst automatisk, i fiskerinæringa. I samarbeid med Standard Norge, skal ein og sikra kopling til europeisk standardiseringsarbeid. Resultata kan danne grunnlag for ein CEN Workshop Agreement (CWA), der næringa, styresmakter og teknologileverandørar blir samde om felles metodar og tilrådingar. Ein slik CWA kan seinare vere eit viktig steg på vegen mot meir formelle standardar.

I samband med CatchID-symposiet i førre veke vart det arrangert ein workshop der deltakarane diskuterte risiko knytt til bruk av KI-system som grunnlag for forvaltning, kvoteregulering og økonomiske oppgjer og korleis utfordringane kan handterast. Det var brei semje om at felles standardar er viktige når ny teknologi blir teken i bruk, særskilt når det er i ei næring kor det omsetjast for milliardar av kroner kvart år.

Kva betyr standardar i fiskerinæringa for folk flest?

Fisk er ein viktig del av norsk eksport, og forvaltninga av fiskebestandane byggjer på at data om fangst er rett. Når kunstig intelligens blir teken i bruk, må det vere mogleg å stole på resultata.

Solveig Mo, overingeniør, jobber med utviklinga i fiskerinæringa.

– Dersom KI-system blir testa på forskjellige måtar, kan det vere vanskeleg å vite kor gode resultata faktisk er. Felles metodar gjer det enklare å samanlikne løysningar og gjev større tillit til dokumentasjonen, seier Solveig Mo, overingeniør ved seksjon for industritilsyn og digitalt tilsyn i Justervesenet.

Målet er ikkje å standardisere sjølve teknologien, men å etablere felles metodar for korleis den skal bli testa og dokumentert. Det kan gi næringa eit felles grunnlag for å ta i bruk ny teknologi på ein trygg og påliteleg måte, slik at alle kan ha tillit til at ressursane våre blir forvalta rett.

 

Kontaktskjema:

Fyll ut vårt kontaktskjema, så svarer vi så raskt vi kan.
Gå til kontaktskjema