By Ina Marlen Andresen
|
14. januar 2025

Det norske kilogrammet har lagt på seg!

Kan eit lodd verkeleg leggja på seg? Til og med den norske prototypen? Og påverkar det alle dei andre lodda i Noreg som ser opp til akkurat dette loddet?

Kontrollveging i Paris

Hausten 2024 var den norske prototypen på tur til Paris for å kontrollvege seg. Og det var ein viktig tur for eit viktig lodd. Norske massemålingar er nemleg sporbare til denne vesle klumpen laga av platina og iridium. Kvart år blir det målt for svimlande verdiar i industri og handel, og då er det viktig at det finst ei sporbarheit til ein anerkjend storleik.

Opp 44 mikrogram – men det går bra

Loddet har hatt ein tendens til å leggja på seg dei siste tiåra, og trenden held fram. No har loddet lagt på seg heile 44 mikrogram sidan målinga i 2011. Då vart lodda vaska for å “ta av seg” overflødig masse, men ikkje denne gongen.

Det siste kalibreringsresultatet stemmer betre overeins med dei historiske verdiane til prototypen. Derfor er det vedteke å ikkje vaska han i år.

Det er viktig å understreka at denne vektendringa ikkje utgjer eit så alvorleg problem som ein i utgangspunktet kunne tru. Prototypen er ikkje det einaste loddet ein kan støtte seg til. I tillegg til prototypen reiste også to primærnormaler i rustfritt stål til Paris. Ved å inkludera alle tre lodda i kalibreringsprosessen blir eventuelle feil minimerte. Når Justervesenet får verdiane på primærnomalane vil Muhammad bruka dei tre lodda i utrekninga som skal danna grunnlag for kalibreringar. For å sikra større stabilitet vil det likevel bli utført ei kontrollkalibrering i 2026.

Dette inngår i sporbarheitskjeda, og når kundar leverer lodd til kalibrering hos Justervesenet får dei vita heilt eksakt korleis lodda ligg an, med sporbarheiten til høgaste nivå ivareteken.

Men kva får eit lodd til å leggje på seg?

Det er neppe snakk om julemat eller chips. Med mindre Muhammad eller dei andre på masselaboratoriet har teke på loddet med potetgullfeitt på fingrane. Men det har dei ikkje, for det er strenge prosedyrar på korleis loddet skal behandlast.

– Prototypen er laga av ei platina-iridium-legering, nærare bestemt 90 % platina og 10 % iridium. Sjølv om ho er svært motstandsdyktig mot korrosjon, kan ho danna tynne oksidlag over tid, noko som kan påverka den målte massen, seier Muhammad.

Og så lenge det handlar om fysiske gjenstandar vil det alltid gi rom for uvisse.

Loddet i Paris er ikkje lenger definisjonen

I 2019 vart SI-systemet revidert, og kilogrammet vart knytt mot ein naturkonstant. Fram til då var definisjonen på eit kilogram massen av loddet som står hos BIPM i Paris. No tek definisjonen utgangspunkt i ei fiksering av Planck sin konstant, og gjer alle andre enn metrologer svimle:

Planck sin konstant h er 6.626 070 15 x 10-34 J s

I dag nyttast ein konsensusverdi (ein slags gjennomsnittsverdi) på kilogrammet, som er basert på målinger frå dei ulike landa sine “justervesen”.

Fram til 2019 var det faktisk sånn at dersom the grand K, altså loddet i Paris, hadde fått eit fingeravtrykk på seg, eller bevare-oss-vel vorte mista i golvet, ville i prinsippet alt anna i verda endra vekt. Fordelen ved at me no har gått vekk frå ein definisjon som er knytt til ein fysisk gjenstand, gjer at dette ikkje lenger speler så stor rolle. For naturkonstantar har nokre fordelar. Mellom anna at dei nettopp er det dei er – konstantar!

Hvordan kan vi hjelpe deg?

Har du spørsmål om våre tjenester, tilsyn eller forskning? Vi hjelper deg gjerne – ta kontakt med oss.

 

Kontaktskjema:

Fyll ut vårt kontaktskjema, så svarer vi så raskt vi kan.
Gå til kontaktskjema