Skip to main content
Din side Meny

Strålingstermometri

Døme på instrument som kan kalibrerast

  • Strålingstermometer (pyrometer, IR-termometer, «lasertermometer» mm.)
  • Svartkroppar (blackbodykjelder, kalibreringskjelder).
  • Termografikamera
  • Temperaturområde:
  • Strålingstermometer: frå 10 °C til 1100 °C
  • Svartkroppar: frå -30 °C til 1100 °C *

* For temperaturar under 0 °C er vi avhengig av at blackbodyen sjølv kan forhindre kondens/is på kaviteten.

Storleik på aperture er maksimalt 10-41 mm diameter, avhengig av temperaturområde.

Måleusikkerhet

Måleusikkerheten er frå omlag 0,3 °C og oppover, avhengig av spektralområde, temperatur og kalibreringsobjekt.

Metode

Kalibreringa blir gjort gjennom samanlikningsmålingar med kalibrerte strålingstermometer eller andre typar kalibrerte termometer.

Laboratoriet er utstyrt med fleire svartkroppar og strålingstermometer. Strålingstemperaturen i svartkroppane blir målt med kontakttermometer, og desse er kalibrert av Justervesenet i samsvar med den internasjonale temperaturskalaen ITS-90. Temperaturområda dei dekker er 30 °C til 120 °C og 300 °C til 1100 °C.

Kontakttermometer brukt i eigne, veldefinerte blackbodyar er og kalibrert hos Justervesenet i samsvar med ITS-90. Desse dekker temperaturområdene 10–100 °C og 300–1000 °C.

Kalibreringar kan dersom kunden ønskjer det også innehalde size-of-source (SSE) evaluering og avstandstest (for strålingstermometer), eller uniformitets- og stabilitetsmåling (for blackbodyar).

Sporbarhetskart, kalibrering av strålingstermometer/termografikamera

Sporbarhetskart, kalibrering av blackbody

Kontaktperson

Åge Andreas Falnes Olsen

aao@justervesenet.no

Ofte stilte spørsmål om kalibrering

 

Kontaktskjema:

Fyll ut vårt kontaktskjema, så svarer vi så raskt vi kan.
Gå til kontaktskjema