Ny teknologi, utvikla i Noreg, kan spare store ressursar for romverksemder og gje meir nøyaktige klimamålingar. I eit EURAMET-prosjekt som er koordinert av Justervesenet, har Justervesenet, SINTEF, Institutt for energiteknikk (IFE) og Universitetet i Sørøst-Norge (USN) samarbeida om forsking. Resultatet kan snart bli ein viktig del av framtidas satellittar.
Teknologiar innan fotonikk og optikk er i rask utvikling. Mykje av det vil få betydning innan alt frå industri, energi og vitskap til miljø og medisin.
Samarbeidsprosjektet S-CALe Up har sett behovet for og jobba med, kostnadseffektive, sjølvkalibrerande og meir nøyaktige målesystem som ikkje kan tilbys med tradisjonelle metodar. Prosjektet har utvikla lysfølsame sensorar som kan brukast til å berekne effekten til lyset.
Dei har oppnådd ein presisjon og stabilitet som hittil ikkje har vore mogleg. Forskinga har redusert måleusikkerheita til så lite som 10 delar per million (PPM).
Det betyr at ein kan måle optisk effekt veldig nøyaktig i verdsrommet, noko som har krevd mykje ressursar på grunn av avstanden. Tidlegare måtte ein kalibrere før oppskyting, men med den nye teknologien kan vi kalibrere utstyret på satellitten når han blir drifta. Målingane blir brukt til blant anna til klima- og miljøforsking.
Teknologien har særlig vekka interesse hos Direktoratet for romverksemd, som ser moglegheit for bruk i rombaserte system.
Jarle Gran, prosjektkoordinator fra Justervesenet seier dette: Vi er veldig stolte over resultata i prosjektet, det er ingen andre miljø i verda som beherskar denne teknologien slik det no blir gjort i Noreg. Vi er og glade for interessa for å ta i bruk teknologien vår, tilgangen på metrologiske standardar i rommet er nemleg svært begrensa.
Telefon:
64 84 84 84
E-post:
postmottak@justervesenet.no
Kontaktskjema:
Fyll ut vårt kontaktskjema, så svarer vi så raskt vi kan.
Gå til kontaktskjema