OptiFish tar sikte på å utvikle, teste og validere teknologiar som vil betre overvakinga av fangstvolum og fiskehelse ombord. Justervesenets rolle er å utarbeide forslag til standardar.
For at det europeiske fiskeriet skal kunne drive meir berekraftig fiske, samt møte kontrollkrav, tar OptiFish sikte på å utvikle, teste og validere teknologiar som vil betre rapportering av fiskehelse og fangstvolum. Justervesenet si rolle i prosjektet er å utarbeide forslag til standard og testmetode med teknologinøytrale krav.
Dagens fiskeri er avhengig av menneskelege observasjonar og manuell registrering av data som blir meldt inn til myndigheitene. Ulovleg, urapportert og uregulert fiske (UUU-fiske) skjer når land ikkje klarar eller ikkje ønskjer å kontrollera at fiskefartøya deira følgjer reglane. Dette gjeld særleg fiske på ope hav og i andre lands farvatn. UUU-fiske øydelegg internasjonalt samarbeid om berekraftig forvaltning av fiskebestandar, som er ein del av dei felles ressursane våre.
OptiFish har som mål å utvikle overvåkingsteknologiar for å redusere utkast, urapporterte landingar og urapporterte fiskeaktiviteter. OptiFish-teknologiar ombord (inkludert KI-baserte) vil forbetre fangstsamansetning, helsevurdering og rapporteringsmoglegheita, uavhengig av fartøystype.
I prosjektet OptiFish samarbeider me med 18 partnarar frå 8 land, mellom anna Fiskeridirektoratet og Sintef Ocean. Det vil bli gjennomført pilottestar på 5 ulike typar fiskeri, med 5 ulike teknologiar.
Nettstad: Optifish
Linkedin: OptiFish | LinkedIn
Facebook: OptiFish | Facebook