Skip to main content
Din side Meny
Av Ina Marlen Andresen
|
11. august 2026

Forskingsdagane 2026 – program

I september er Justervesenet med på Forskingsdagane 2026, der temaet er tillit. Gjennom aktivitetar for både barn, ungdom og vaksne skal vi vise korleis nøyaktige målingar er ein viktig del av tilliten samfunnet byggjer på.

Når du fyller drivstoff, handlar mat i butikken eller får medisinar på sjukehuset, er du avhengig av at målingane er rette. Kvar einaste dag tek mange det for gitt at ulike mål viser korrekt resultat. Difor er måleteknikk og Justervesenets arbeid ein usynleg, men viktig del av infrastrukturen som får samfunnet til å fungera. Det byggjer tillit – noko som er tema for årets Forskingsdagar.

Møt oss på Forskingsdagane

Forskingsdagane blir arrangerte over heile landet, 16. – 27. september 2026, og Justervesenet ønskjer alle velkommen til å bli med på aktivitetane våre.

Vi er med på tre arrangement under årets forskingsfestival:

 

Kontaktskjema:

Fyll ut vårt kontaktskjema, så svarer vi så raskt vi kan.
Gå til kontaktskjema