Med ei totalvekt på 49 303 kilogram er den blå tungvektbilen eit av Justervesenets mest synlege verktøy. Bilen er viktig i arbeidet med å kontrollere store vekter rundt om i landet, men få veit kva slags bil det er.
Tungvektbilen er rett og slett Justervesenets største mobile lodd. Den er utstyrt med 11 syrefaste, rustfrie kassar som inneheld 500-kilos lodd. Lastebilen og hengjaren veg høvesvis 31968 kg og 17335 kg.

Før bilen kan bli brukt som eit lodd, må ein vite akkurat kor mykje den veg same dag. Dette blir sjekka før sjåføren køyrer ut på tilsyn. Det er faktisk slik, at sjølv sjåføren må gå på ei vekt, med arbeidstøyet, sekk med PC og matpakke – alt ein treng å vite for ei mest mogleg korrekt registrering av køyretøyets totale vekt. Ein registrerer og kor mykje drivstoff som er på tanken og om bilen er rein og tørr.
Tungvektbilen blir brukt når Justervesenet skal kontrollere vekter som veg lastebilar og andre tunge køyretøy, kalla køyrebruvekter. Slike vekter finst mellom anna ved gjenvinningsanlegg, deponi, grustak, vatn- og reinseanlegg og hos offentlege verksemder.
For å kontrollere vekta køyrer tungvektbilen over vekta tre gonger. Resultata blir samanlikna med den kjende vekta på bilen. Dersom målingane viser avvik utanfor dei tillatne grensene, blir det gjennomført meir omfattande kontrollar for å finne årsaka.
Målet er å gjere tilsyn raskare, enklare og meir effektive, slik at kontrollørane kan gjennomføre fleire kontrollar og sikre at køyrebruvektene gir rett resultat.

Korrekte vekter er avgjerande for både kundar og verksemder. Feil målingar kan føre til at nokon betaler for mykje eller for lite for varer og tenester. I tillegg kan unøyaktige vekter påverke til dømes statistikk, rapportering og andre viktige data som byggjer på vektmålingar.
Loddbilen køyrer gjennom heile landet, og har berre i år vært på 115 tilsyn. Gjennom regelmessige tilsyn bidreg Justervesenet til at målingane held den naudsynte kvaliteten og at tilliten til industrimålingar blir teken vare på.
Telefon:
64 84 84 84
E-post:
postmottak@justervesenet.no
Kontaktskjema:
Fyll ut vårt kontaktskjema, så svarer vi så raskt vi kan.
Gå til kontaktskjema