Når det blir kaldare ute og straumprisane stig, dukkar det ofte opp spørsmål om straumforbruk og elmålarar. Her får du ei enkel oversikt som svarer på dei vanlegaste spørsmåla:
Elektrisitetsmålaren i heimen din eiges av nettselskapet. Det er dei som har ansvar for at målaren fungerer som han skal og i samsvar med forskrifta.
Nettselskapet tek ut stikkprøver av målarar, som blir sende til eit akkreditert laboratorium for testing. Det er likevel liten sjanse for at nettopp din målar blir plukka ut, då det er eit lite utval. Dette utvalet representerer eit parti av elmålarane.
Justervesenet stiller strenge måletekniske krav til elmålarar og gjer derfor tilsyn med nettselskapa. Erfaringa er at målarane oppfører seg bra og det er veldig lite feil.
Viss du trur målaren din måler feil, kan du:
CE-merket
Bokstaven “M” saman med årstalet for vurderinga
Ein firesifra kode som viser kva for eit teknisk kontrollorgan som har sertifisert han
Dei kan sjekka målaren for deg, men viss det ikkje blir oppdaga nokre feil, må du antakeleg dekke kostnaden sjølv.
Telefon:
64 84 84 84
E-post:
postmottak@justervesenet.no
Kontaktskjema:
Fyll ut vårt kontaktskjema, så svarer vi så raskt vi kan.
Gå til kontaktskjema