Sidan august 2009 har Justervesenet hatt eit klimarom (kammer) som er designa for å klare dei vanlegaste IEC-standardane som tek for seg testing ved ulike miljøtilhøve. Klimarommet er svært nyttig for dei som skal typegodkjenne, eller klimateste elektronisk utstyr. Ikkje minst må elektronisk utstyr som nyttast i måleteknikk oppfylle krav gitt i internasjonale standardar. Dette er nødvendig for å få produkta ut i marknaden.
Rommet er av typen ACS Wazzle WZH30 B2 SP, og er eit såkalla walk-in-closet, som ein fysisk kan gå inn i for å klargjere utstyr for test.
Det kan regulerast i temperatur mellom -40 °C og +80 °C, og i fuktigheit mellom 10-98 %RH for temperaturar over 0 °C.
Klimarommet er på ca 30 m³; 2,50 meter høgt, 3,25 meter breitt og 3,60 meter langt. Ein kan også køyre truck heilt fram til klimarommet og døra er 2 x 2 meter stor. Dette gjer det mogleg å få plassert inn stort, tungt utstyr.
Har du spørsmål eller ønsker å leie klimarommet? Vi hjelper deg gjerne – ta kontakt med oss.
Phone:
64 84 84 84
E-mail:
postmottak@justervesenet.no
Contact form:
Fill in our contact form, and we will respond as quickly as possible.
Go to contact form