Partnarskapsprosjektet Self-calibrating photodiodes for UV and exploitation of induced junction technology har gitt svært gode resultat og gir moglegheit for innebygde sensorar som bereknar effekten til lys.
Observasjoner av svingninger i solstrålingen og dens interaksjoner med skyer, aerosoler og komponenter i atmosfæren vår, gir oss nyttige data i mellom anna klima- og miljøforsking.
Jarle Gran, prosjektkoordinator fra Justervesenet, seier mellom anna dette: Vi er veldig stolte over resultata i prosjektet, og er glade for interessa for å ta i bruk teknologien vår. Tilgangen på metrologiske standardar i rommet er nemleg svært begrensa.
Sensorane har oppnådd ein presisjon og stabilitet som hittil ikkje har vore mogleg. Forskinga har redusert måleusikkerheita til så lite som 10 delar per million (PPM).
Det betyr at ein kan måle optisk effekt veldig nøyaktig i verdsrommet, noko som har krevd mykje ressursar på grunn av avstanden. Tidlegare måtte ein kalibrere før oppskyting, men med den nye teknologien kan vi kalibrere utstyret på satellitten når han blir drifta.
Telefon:
64 84 84 84
E-post:
postmottak@justervesenet.no
Kontaktskjema:
Fyll ut vårt kontaktskjema, så svarer vi så raskt vi kan.
Gå til kontaktskjema