Det internasjonale havforskningsrådet (ICES) har anbefalt at makrellkvoten reduserast med 70% i 2026. Bakgrunnen er alvorleg. Gytebestanden har stupt i fleire år, ifølgje forsking omtalt av NRK. Kuttet merkast i heile verdikjeda, frå fiskarar og mottak til eksport.
Når ressursane blir knappare, aukar òg risikoen for ulovleg, urapportert og uregulert fiske, kalla IUU-fiske. Dette er ei kjend global utfordring, og difor markerer FN kvart år ein eigen dag mot slik verksemd, verdsdagen mot IUU-fiske, 5. juni.

For å forvalte fiskeressursane rett, må vi vite kor mykje fisk som faktisk blir landa. Desse tala er grunnlaget for kvotar, kontroll og rettferdig fordeling.
I den samanheng, er det no vedteke nytt regelverk for vekter og vegesystem ved fiskemottak. Regelverket gjeld automatisk veging, brukt til landing av fisk. For pelagisk fisk trer krava i kraft 1. januar 2027, og for kvit fisk frå 1. januar 2028. Målet er at all fisk som blir landa skal vegast korrekt, automatisk og ha sporbarheit.
Eit automatisk vegesystem består av éi eller fleire vekter og tilhøyrande komponentar som sørgjer for at all fisk blir vegen, og at nødvendige data blir lagra og overførte automatisk. Kort forklart betyr det at vekta gjer jobben sjølv, utan at ein operatør kan gripa inn i sjølve målinga. Det reduserer risikoen for feil, både utilsikta og medvitne.
I fiskerinæringa har Justervesenet ei viktig rolle, mellom anna med ansvaret for å føre tilsyn med desse målingane og vegesystema. Tilsynet Justervesenet fører er risikobasert. Fiskerinæringa blir rekna som høgrisiko mellom anna på grunn av store verdiar og høg omsetning. Tips og etterretning kan òg utløysa tilsyn, og Justervesenet samarbeider tett med mellom anna Fiskeridirektoratet og Sildesalslaget.
Under eit tilsyn blir det mellom anna kontrollert om
Justervesenet bidreg òg med kompetanse i etterforsking og rettssaker, og forsking og utvikling som skal betre verktøy til havs, ved landing, regelverk og fiskehelse.
Svaret er samansett. Klima, biologi og forvaltning speler alle inn. Men éin ting er sikkert. Utan nøyaktige målingar veit vi rett og slett ikkje nok. Dei nye krava til veging ved fiskemottak, og fortsett tilsynsarbeid, er viktige steg for å sikra at det blir nok fisk til alle.
Telefon:
64 84 84 84
E-post:
postmottak@justervesenet.no
Kontaktskjema:
Fyll ut vårt kontaktskjema, så svarer vi så raskt vi kan.
Gå til kontaktskjema