Skip to main content
Din side Meny
Av Thomas Framnes
|
26. mars 2026

Natt til søndag kjem sommartida!

Natt til søndag 29. mars blir det igjen sommartid. Det betyr lysare kveldar og at klokka blir stilt éin time fram.

Justervesenet passar på Noreg si tid, men snik seg ikkje inn i huset ditt om natta og stiller klokkene dine. Det skjer stort sett av seg sjølv, men om ein har eldre komfyrar og liknande må ein nok ta seg ein runde med manuell klokkestilling. Dei fleste nøyer seg med å gjere dette i løpet av søndagen, men for tidsnerdar og folk som jobber i Justervesenet er det klokka 02:00 som gjeld!

Overingeniør Nikolai Drivdal (t.v.) og Noreg sin tidssjef Harald Hauglin fyrer opp sommarstemninga framfor racket med atomklokkene som er med på å bestemme verdas tid.

Kvifor har me sommartid?

Sommartid er den perioden av året der klokkene blir stilte ein time fram samanlikna med resten av året. Sommartid vart opphavleg innført i ei rekkje land i Europa under første verdskrigen, der formålet var å utnytta dagslyset betre i den perioden av døgnet ein normalt er vaken. Éin lys time ekstra om kvelden ville mellom anna spare energi til oppvarming og belysning.

Justervesenet bidreg til verdstida

Hos Justervesenet på Kjeller ligg tidslaboratoriet med atomklokkene som bidreg til den felles tida i verda (UTC). UTC blir berekna av «hovudtidssentralen» ved det Internasjonale byrået for mål og vekt i Paris på bakgrunn av data frå ca. 500 atomklokker rundt om på kloden.

Ved å delta i det globale samarbeidet sørgjer Justervesenet for at me har tilgang til påliteleg og sporbar tid.

 

Kontaktskjema:

Fyll ut vårt kontaktskjema, så svarer vi så raskt vi kan.
Gå til kontaktskjema