Kalibreringsområde
– 40 °C til 85 °C
Måleusikkerheit
Måleusikkerheiten kjem an på av instrumentet til kalibrering. Usikkerheiten er uttrykt ved eit intervall som med ein normalfordeling gjev cirka 95 % konfidensnivå (k=2).
Justervesenet rapporterar måleusikkerheit etter metoden skildra i “JCGM 100:2008, Evaluation of measurement data – Guide to the expression of uncertainty in measurement”.
Sporbarheit
Referanse termometre kalibrerast hjå Justervesenet med sporbarheit til realisering av ITS-90.
Metode for måling av relativ fuktigheit og lufttemperaturer
Instrumentet vert kalibrert ved komparering mot eit referanse duggpunktspeil og referanse termometer. Instrumentet til kalibrering plasseres i eit klimakammer som reguleres for referanse temperatur og fuktigheit. Kalibreringen gjennomføres ved å samanlikne temperatur og utrekna fuktighetsverdier frå referanseinstrumenter med den verdi instrumentet til kalibrering viser.
Resultata for kvart prøvepunkt vert angitt som gjennomsnittsverdien av minst ti avlesingar i ein 10 minutters periode, for både stigande og fallande målesekvens.
Ved bestilling av kalibrering må kunden opplysa om duggpunkt eller temperatur og relativ fuktighet som instrumentet skal kalibrerast ved.