Søk

close search
Justervesenet - logo
Justervesenets klokke (JV-UTC):

Viktige endringar i Forskrift om målenheter og måling

Frå og med 13. august er det endringar på fleire viktige punkt i forskrifta:

    • Føresegnene som tidlegare regulerte kva målereiskap det var krav til ved salg og under bruk, er nå slått saman til ein ny § 3-1. Hovudformålet med endringa er å gjera det klårare kva målereiskap det er krav til og betre få fram hovudregelen om at det er krav både ved salg og under bruk. Dette er i tråd med praksisen elles i Europa og korleis Justervesenet har praktisert regelverket. Målereiskapa som tidlegare hadde kun krav ved salg var vass-, varme- og avgassmålarar. Det skal utviklast krav under bruk for vass- og varmemålarar, da ny § 3-1 nå gjev Justervesenet den naudsynte hjemmelen til dette. For avgassmålarar finst det krav under bruk i anna regelverk.

      Elles er den gamle § 3-5 om krav under bruk av ikkje-automatiske vekter på andre bruksområde enn økonomisk oppgjer, teke inn i ny § 3-1.

      Føresegna om korleis innhaldet i ferdigpakningar kan sikrast i den gamle § 3-4 om ferdigpakningar, kan ein finne i ein ny § 3-2 i ein meir presisert versjon.

    • I ny § 5-4 har Justervesenet fått hjemmel til å påleggja reparatørar, installatørar og andre som har oppgåver knytta til målingar og målereiskap, krav til internkontroll. Gjennom denne føresegna kan Justervesenet påleggja til dømes eit servicefirma å ha eit internkontrollsystem som sikrar rett kompetanse. Gjennom ny § 6-5a har Justervesenet fått hjemmel til å ta gebyr for slikt tilsyn.
    • Justervesenet sitt gebyr for tilsyn med tungvekter er endra i § 6-4 ved at oppmøtegebyret er redusert og timegebyret er auka. Det er for at gebyret samla sett er betre tilpassa fleksibiliteten i tilsynet som følgje av nytt utstyr.
    • Det er og gjort små korrigeringar diverse stader i forskrifta.
Sist endret 24. august 2021
Arkiv