Søk

close search
Justervesenet - logo
Din tid er etterforan Justervesenets klokke (JV-UTC)

Har du sett denne langs vegen?

Denne blå tungvektaren kom til Justervesenet i 2020 med eit viktig oppdrag. Etter testing, opplæring og ein koronapandemi kunne endeleg tungvektbilen brukast til å forenkle måletekniske kontrollar for å gjere tilsynet meir raskt og effektivt.

Blå lastebil foran lager på ROAF

Først i 2022 ble tungvektbilen aktivt teken i bruk.

Fakta om tungvektbilen:

·         Veger 49.200 kilo totalt

·         Veger 31.880 kilo utan hengjar

·         Bilen har to loddpakker på 2 og 2,5 tonn

·         Lodda er 11 syrefaste, rustfrie kasser

·         Bilen køyrer over ei vekt 3 gonger for å sjå etter avvik

Enkel rutine, fleire kontrollar

Kontrollørane køyrer ut med tungvektbilen når dei skal på tilsyn hos aktørar som veg lastebilar. Døme på aktørar med slike vekter er søppelmottak, deponi, nokre vass- og reinseanlegg, Statens vegvesen eller grustak.

Justervesenet fører tilsyn når det er behov, og etter generelt inntrykk av aktørane. Det vil seie, om feil eller avvik blir oppdaga, kan ein få oftare besøk enn andre. Kontrollen blir utført ved at tungvektbilen køyrer over vekta tre gonger, då bilen i seg sjølv fungerer som eit lodd. Dersom det blir oppdaga avvik mellom den berekna vekta til bilen og vekta ho kontrollerer, må ein ta i bruk andre måletekniske metodar som er litt meir omfattande. Elles blir aktørane oppmoda til å føre god internkontroll for å sikre eigne måleresultat.

ROAF fekk besøk

Vegard Aasdalen, driftskoordinator.

Onsdag 15. februar drog Justervesenet på ikkje meldt besøk, noko som er standard prosedyre, til gjenvinningsstasjonen Romerike avfallsforedling. Dei tilsette på ROAF var både spente og nysgjerrige på tungvektbilen, og positive til ein kontroll. «Det er fint å få besøk for å få sjekka at vekta er i orden», sa Vegard Aasdalen som er driftskoordinator på gjenvinningsstasjonen.

Om lag 100 biler køyrer over vekta dagleg hos ROAF. Konsekvensar ved at vekta veg feil er at kundar anten betaler for lite eller for mykje, sidan avgifter blir fastsette basert på mengda avfall som blir levert. «Statistikk kan og bli feil, og det er me heller ikkje interesserte i. Me vil at ting skal vere i orden,» fortalde Aasdalen. Måleresultata blir nytta til detaljerte statistikk for å følgja utviklinga av mengda avfall og gjenvinning, blant anna for å samanlikna avfalls- og gjenvinningsmengda til å fastsette miljømål og nasjonale og internasjonale forpliktingar.

Positivt resultat

Sjåfør i lastebil med hånd på rattet

Tore Sundkøien køyrer tungvektbilen i periodar.

Toleransegrensa på denne vekta er pluss eller minus 60 kilo frå den registrerte vekta til tungvektbilen. Her var det berre 17 kilo avvik, noko både kontrollør Tore Sundkøien og ROAF var fornøgde med. «Tilsyn utført»-klistremerket kunne setjast ved vektdisplayet, før tungvektbilen reiste vidare til neste kontroll.

Sist endret 13. mars 2023
Arkiv