Søk

close search
Justervesenet - logo
Justervesenets klokke (JV-UTC):

Tankar ved kysten

Uno-X sitt tankanlegg i Stavanger lagrer bensin, diesel, biodiesel og fyringsolje. Her strøymer store verdiar i både kroner og liter gjennom røyra dagleg. I 2018 heile 239 millioner liter. Uno-X er det største kysttankanlegget i Stavangerområdet. Tankane blir fylt opp av oljeprodukt som er levert av store tankbåtar. Vidare blir drivstoffet distribuert i hovudsak til bensinstasjonar men og noko til båtar frå eit kaianlegg.

Mange forbind Justervesenet med kontroll av bensinstasjonar på grunn av etikettane på drivstoffpumpene. Det mange ikkje tenkjer på er at drivstoffet har vore gjennom eit kontrollregime før det blir levert til bensinstasjonane.

Ein 1000-liters hulmålnormal til teneste.

Justervesenet utfører òg tilsyn på tankanlegg. Difor har kontrollør Emil Ohma med seg sin kalibrerte hulmålnormal på tilhengaren, ein 1000-liter som blir brukt i kontrollen.
Målesystemet på anlegget er samsvarsvurdert etter Modul G, og nyttar automatisk temperaturkompensering (ATC). Det vil seie at målesystemet kompenserer visning av utmålt mengde for variasjonar i temperatur.

Det plottes inn nødvendige data på skjermen. Ventilen blir opna og det blir målt og sikta før temperaturen blir avlese. Normalen blir fylt opp, for så å bli fylt over i anlegget sin referansebehaldar før prosedyra blir gjentatt. Undervegs blir det notert resultat. Etter tre utmålingar kan Justervesenet sin kontrollør konstatere at målaren er godkjend og trygt kan brukes vidare.

Årleg kontroll sikrar tillit
Med såpass store verdiar som går frå anlegget kan den økonomiske konsekvensen ved feilmåling bli høg. Med årleg kontroll av måleutstyret kan både kjøpar og seljar føle seg trygge på at måleresultata er korrekte.

Justervesenet sin kontrollør Emil Ohma (t.v.) og tankanleggbestyrar Ole Wathne, planlegg dagens kontroll.

Ny teknologi gjev nye energikjelder
Biodiesel er eit av produkta som blir handtert på anlegget, og når ein skal framstille biodiesel treng ein rapsolje. Da kjem oljen neppe i slik forpakning som på bildet, men for ordens skuld kan vi nemne at slike er òg underlagt ei tilsynsordning hos Justervesenet. Ein liter skal tross alt vere ein liter!

Rapsolje – ikkje berre til matlaging!

Sist endret 24. april 2019
Arkiv