Søk

close search
Justervesenet - logo
Justervesenets klokke (JV-UTC):

Samarbeidstanken

Korleis står det til med CMC-en i dag?

Torsdag den 18. november hadde Justervesenet for fyrste gong ein 1000 liters hulmålnormal til kalibrering. Måletanken tilhøyrer det nederlandske metrologiinstituttet, som saman med Portugal er såkalla pilotlaboratorium for denne normalen. Nederland held utstyr, medan resultata av kalibreringen blir analysert i Portugal.

Tallknusing
For det blir mange tal å analysere. Denne måletanken er på rundreise i Europa, der han er innom nasjonale laboratorie for kalibrering. Før han kom til Noreg og Justervesenet var han i Sverige. No har han opphald i eit anna land, der den same prosessen blir gjort på nytt. Poenget med turneen er å samle inn tilstrekkeleg kalibreringsdata, slik at analytikarane i Portugal kan konstatere at alle laboratoria som deltek kan forsvara CMC-verdiane sine. CMC står for Calibration Measuring Capability, og seier noko om kor nøyaktige måleresultat ein er i stand til å levere. Samanlikningsprøva er i regi av Euramet TC-flow. (EURAMET – European Association of National Metrology Institutes – ein stiftelse av nasjonale måletekniske laboratorie i Europa).

Slike samanlikningsprøver blir gjennomført på alle fagområde og målestørrelser. Denne gongen vart det stort volum sin tur.

Prosessen
Den gjeve tanken blir fylt med vatn til streken på tanken sin målesylinder. Då skal det vere nøyaktig 1000 liter – eller eit tonn med vatn. Det vil si, det veit vi ikkje heilt – pilotlaboratoria kan vere ”slemme” og flytte litt på streken… Berre for å gjere andre laboratorie usikre og meir skjerpa.
Deretter blir vatnet slusa ut i Justervesenets vannvekt – eit basseng med veieceller – med tilhøyrande lodd for komparering. Veiecellene registrerer vekta av vatnet, og bassenget blir deretter tømt. For å finne korreksjonen på veiecellene i bassenget blir to 500 kilos lodd ført på vekta.

Og så blir prosessen køyrd minst 10 gonger. Justervesenet rapporterer 10 forsøk, og da bør ein ha nokon ekstra runder for å kvalitetssikre avvika. Alle dataene blir plotta inn i eit rekneark som gjer kalkuleringane, som mellom anna kompenserer for temperatur. Når alle har levert til pilotlaboratoriablir tala gått gjennom og ein rapport blir lagd. Denne blir sendt på høyring før det blir vist på Eurametmøtet, for så å bli publisert på Euramet sine nettsider.

Justervesenet nyttar resultata til å validere CMC-verdien sin. Da finn ein ut om utstyret er godt nok. Er utstyret endra slik at det har vorte betre, kan ein nytte ein slik samanlikningsprøve til å få ein betre CMC-verdi. Elles kan man nytte slike samanlikningsprøver til å gjere interne testar.

Det vart oppdaga ein liten bulk i tanken, og denne må rapporterast. Sjølv om det er sannsynleg at han er registrert tidligare, er det naudsynt med rutiner for å fange opp om slikt kan ha skjedd under transport og liknande. Elles er det andre utfordringar som dukkar opp når normaler reiser frå land til land. Nederland var nok ikkje heilt førebudd på kulda i Noreg. Vanntemperatur på nokre få plussgradar og frostsikring av normalar vart det ikkje teke omsyn til…

 

På bakgrunn av alle målingane som medlemslanda gjer, blir det etablert ein felles referanseverdi. Dersom denne har stort avvik frå pilotlaboratoriet sine resultat, er det eit teikn på at dei må heve kvaliteten på kalibreringsrutinene sine, eller finne ut kvar ein har feil på utstyr eller utrekningar.

Og her er og prosjektet sitt føremål; ved samarbeid sikrar ein kvalitet på måleresultata.

Kontaktperson: Gunn Kristin Svendsen

Sist endret 15. mai 2019
Arkiv