Har du høyrd om Leidenfrosteffekten?
Korleis kan vassdråpar danse rundt på ei varm kokeplate?
Leidenfrosteffekten
Overingeniør i Justervesenet, Gjermund Kvernmo, gjer ei forklaring:
Dei fleste av oss har sølt vatn på ei varm kokeplate og observert korleis vassdropane på finurleg vis kan danse rundt den. Mange vil også vere overraska over kor lang tid det tek det tek før vassdropane til slutt fordampar og blir borte. Denne oppsiktsvekkjande oppførsla skuldast eit fenomen kjend som Leidenfrost-effekten og oppstår på følgjande vis:
I det vassdropane kjem i kontakt med den varme plata begynner dei å koke. Dette skjer fordi kokeplata er vesentleg varmare enn kokepunktet til vassdropane. Dampen frå kokinga vil sørgje for å lyfte dråpa litt opp frå plata slik at den vil sveve på tynt sjikt av damp. Dampsjiktet vil isolere dropa frå den varme kokeplata slik at ikkje dropa fordampar med ein gong, slik den ville gjort utan det isolerande dampsjiktet. Dampsjiktet vil sørgje for at det ikkje er noko friksjon mellom plata og dropa. Ho vil dermed sigle av stad dersom vi til dømes blæs den bortover med eit lite pust.
Illustrasjon på ei vassdrope som held seg oppe av eit lag av damp.