GPS-måling av kontrollstrekningar
Justervesenet sine GPS-koffertar er no klare til bruk. Det betyr at kontrolløren kan møte drosjefolket nesten kvar som helst for køyring av kontrollstrekning.
Alle taksametre i bruk er pålagt kontroll, noko som mellom anna inneber installasjonskontroll av taksameteret i drosja, samt kontroll av køyrt strekning. Tidlegare har ein køyrt strekningar som var ferdig målt opp, noko som er både tidkrevjande og ikkje så lite tungvint. Formålet med GPS-basert kontroll er nettopp å gå bort frå desse strekningane, som rett nok er nyttige å ha dersom teknologien sviktar.
GPS-systemet har vore gjennom mange testar og gjennomsnittleg avvik på målingane er veldig små. Det tek i mot signal frå det amerikanske GPS og det russiske GLONASS satelittsystemet.
Alle distriktskontora er nå utstyrte med GPS til glede både for kontrollørar og løyvehavarar.