Justervesenets klokke UTC(JV): ...

Tysdag 12. november vart det gjennomført ein samordna drosjeaksjon i Oslo-området, etter initiativ frå Statens vegvesen. Justervesenet, Politiet, Bymiljøetaten og Akershus Fylkeskommune var med på kontrollen, som gav resultat.

Resultat frå Justervesenets kontrollar

Justervesenets kontrollørar hadde hendene fulle, men elles gjekk det roleg for seg. Det vart, i tillegg til skanning, kontrollert 37 drosjar i og rundt Oslo sentrum; Hjortneskaia, Ullevål sjukehus, Oslo Sentralbanestasjon og Oslo legevakt. Resultatet av 37 kontrollerte køyretøy viste at dei fleste hadde dokument og taksameter i orden, men det vart også funne 5 avvik: 

  • Annan mangel – taksameter mangla påkravd merkeskilt: 1
  • Manglande installasjonskontroll – nye bilar og taksameter der løyvehavar ikkje kan dokumentera at melding er send til Justervesenet: 2
  • Målereiskapar plomberte, men melding om plombebrot ikkje motteken – løyvehavar kan ikkje dokumentera at melding om plombebrot er send til Justervesenet: 1
  • Manglande plombering, pålegg om retting – taksameter var utan påkravd plombe: 1
Mann i synlighetstøy sitter i passasjersete i drosje

Tryggleik i drosjenæringa

Taksameteret er eit måleinstrument som skal gi kunden tryggleik om at prisen som blir belasta for reisa, er korrekt og i samsvar taksameterets målingar, men det føreset at taksameteret faktisk blir brukt. Ein utfordring i dag er at dette ofte ikkje skjer. I tillegg, kan manglande plombering eller dokumentasjon på installasjonskontroll opna for feilberekningar av pris, men regelmessige kontrollar er med på å sikra at drosjane følgjer reglar for taksameter. Tilsynet er og viktig for å sørgja for god informasjon om regelverk til løyvehavarar.

Felles kontroll har positiv effekt

Det vart eit godt samarbeid mellom etatane, som har gode erfaringar med slike aksjonar frå tidlegare. Samordna aksjonar har ein positiv effekt, både preventivt og informativt og effektiviserer ressursane i etatane. Det styrkjer og tilliten i drosjemarknaden, samtidig som det er med på å sikra ei rettferdig og trygg teneste for forbrukarane.

 

Kontaktperson for spørsmål relatert til kontrollen: Siw Oppegaard, førstekonsulent. Tlf. 90 82 17 27