Søk

close search
Justervesenet - logo
Din tid er etterforan Justervesenets tid (JV-UTC)

Desse representerer den høgste nasjonale kompetansen frå sine fagområde. Dei er peika ut nasjonalt og deltek i MRA-avtalen til Meterkonvensjonen. Justervesenet har mandat til å peike ut nasjonale referanselaboratorium. Justervesenet sitt eige Nasjonalt laboratorium er referanselaboratorium for dei fleste fysiske storleikane. Statens strålevern er peika ut på områda for ioniserande stråling. NILU (Norsk institutt for luftforsking) er peika ut for måling av ozon i luft. I 2009 blei også NIVA (Norsk Institutt for vannforsking) med som referanselaboratorium, med ansvar for referansemetodar og sporbarhet for måling av metall og næringssalt i vatn. Desse referanselaboratoria blir dermed ein del av Meterkonvensjonen sin avtale om gjensidig aksept av måleresultat.

I Noreg har vi framleis ein del områder innanfor kjemi og mikrobiologi der det ikkje er utpeikte referanselaboratorium, men Justervesenet har som mål å få etablert fleire slike i tida framover. Sjå også her: Nasjonalt maaleteknisk laboratorium og norske referanselaboratorier

Kontaktperson: Hans Arne Frøystein

Sist endret 27. oktober 2015
MENY