Søk

close search
Justervesenet - logo
Justervesenets klokke (JV-UTC):

Vekta av odds på 1:5 400 000

Kvar lottokule skal ha like føresetnader for å hamne i slusa som fører den fram til vekas vinnarrekkje. Dette hjelper Justervesenet til med.

Det er mange av oss som har vore innom følgjande tanke ein laurdagskveld:
Tenk om det blir meg. Sjølv om vi veit at sjansen for å vinne fyrstepremien i lotto er minimal. Faktisk så liten som 1:5,4 millionar per rekkje i vanleg lotto, i følgje Norsk Tipping. Likevel puttar vi håpet i lomma saman med kupongen. For det er alltid nokon som vinn. Det kan like gjerne bli oss.

Same eigenskapar gjev rein slump

For at det like gjerne skal bli oss, må kulene ha dei same eigenskapane. Dei må vege det same. Dei må vere like runde, ha same omkrins og lik sprett. Storleik og masse må vere så likt som mogeleg, for når kulene er heilt like vil dei ha same sjanse for å bli trekte av trekkemaskina. Lotto er med andre ord alt anna enn eit spel som krev kunnskap. For å vinne må du rett og slett ha griseflaks.

Måleteknisk ekspertise

Tilfelle og flaks driv ikkje Justervesenet med. Fagfolka på lengde- og dimensjonsmåling kan sakene sine om avansert måling, og kvalitetssikrar kulene for Norsk Tipping.


Eit sett med kuler til Vikinglotto inne til kontroll. Blir nokon vege og funne for lette?

Eit vanleg lottosett består av 34 ballar, med ein diameter på 44,5 mm og vekt på 4 g. Ballen er laga av hard skumplast. Vikinglotto består av 48 ballar. Det er 4 ballsett av kvar type, og setta blir kontrollert ein gong per år.


Toleransegrenser er ± 2,5% på diameteren, og ± 5% på vekt. Dermed kan diameteren variere frå 43,39 mm til 45,61 mm, og vekta frå 3,80 g til 4,20 g.

I kravspesifikasjonen til Norsk tipping står det at kontrollaktøren skal vege, måle diameter i minst tre aksar og utføre måling av matematisk kuleform. I rapportane skal det blant anna noterast høgaste og lågaste måleverdi, gjennomsnittsverdi, samt om det finst ballar i ballsetta som fell utanfor grenseverdiane.

Men kva skjer med ballane som blir skrota? Blir dei degraderte til sprettballar som blir selde på billigbutikkar? Blir dei mobba av dei andre ballane med «perfekt» kuleform? Sjefingeniør Helge Karlsson har ikkje svaret på akkurat det, men kan opplyse om noko anna:
– Ingen kuler som fell utanfor toleransegrensene får lurt seg unna. No har vi faktisk fått gleda av å fortsetje oppdraget for Norsk Tipping, så vi skal gjere vårt for at kulene er skikka til trekningane.

For orden si skuld – ingen i Justervesenet (så vidt vi veit) har nokon gong vunne fyrstepremien i lotto! Kanskje er dei tilsette for gode i statistikk til at dei gidd å tippe?

 

Biletet øvst i saka: Norsk Tipping

Sist endret 14. desember 2022
Arkiv