Søk

close search
Justervesenet - logo
Justervesenets klokke (JV-UTC):

Justervesenet sitt tilsyn med vekter i kornsiloar

I løpet av eit år blir det produsert mellom 1,1 – 1,3 millioner tonn korn* i Norge. På reisa frå bonden sin åker til brødet du kjøper i butikken, har kornet gjerne vore innom ein silo på ei vekt.

Innlandet er fylket med størst kornproduksjon. Det er tett mellom møllene og konkurransen er stor.

I hjarta av ein kornsilo sit ei summerande behaldervekt. Sidan den utgjer grunnlaget for det økonomiske oppgjeret mellom til dømes bonde og mølle, er ho underlagt egen forskrift og tilsyn av Justervesenet. Ei slik vekt deler opp produktet i definerte mengder og summerer veieresultata. Ei typisk enkel veging av korn kan ligge på rundt 400 kg.

Løten mølle (bildet) har spesialisert seg på egenprodusert kraftfor laga av havre, bygg og rug som dei kjøper frå lokale bønder og gardbrukarar.

 

Kalibrerte lodd blir lasta på vekt, og resultatet blir lese av i kontrollrommet på mølla.

Mølla har ansvaret
Sjølv om vekta er underlagt tilsyn, er det eigaren av vekta som er ansvarleg for at ho møter krava i regelverket. Derfor handlar ikkje ein rettferdig handel berre om tilsynet frå Justervesenet, men og om mølla sin kunnskap om bruk og vedlikehald av vekta.


Reingjering og fjerning av kornstøv frå veiecelle er viktig for å oppretthalde riktige målingar.

 

 

 

 

Meir kunnskap gjev auka tillit
Informasjon og rettleiing er ein viktig del av Justervesenet sitt tilsyn, utover den måletekniske kontrollen. Kunnskapsoverføring om til dømes bruk og vedlikehald gjev stabile veieresultat. Og når mølla har reint mjøl i posen gagner det både mølla sjølv og bonden!

*tal frå opplysningskontoret for brød og korn

Sist endret 26. juli 2021
Arkiv