Søk

close search
Justervesenet - logo
Din tid er etterforan Justervesenets tid (JV-UTC)

Søknad:
Søknad skal sendast til Justervesenet på eit eige skjema: Søknad om godkjenning av laboratorier for kontroll av elmålere. Alle felt som er reservert søkjar skal fyllast ut og sendast saman med relevant dokumentasjon.

Justervesenet vurderer om innsendt materiale er fullstendig, hvis ikkje vert søkjar kontakta.

All informasjon som Justervesenet får i samband med søknads- og saksbehandlingsprosessen blir behandla konfidensielt.

Gjennomgåing av dokumentasjon:
Dei innsendte dokumenta blir vurdert i forhold til krav i forskriften. Fins det avvik mellom dei krava som er stilt og dei forholda som er beskrivne, gjev sakshandsamar melding frå om dette til søkjaren. Beskjed vert og gjeve dersom Justervesenet finn at informasjonen ikkje er tilstrekkeleg.

Sakshandsamar og teknisk sakkunnig:
Søkjar vert informert om sakshandsamar, teknisk sakkunnig og utvikling av godkjenningsprosessen.

Møte med søkjar:
Etter at den tilsendte dokumentasjonen er gått gjennom av sakshandsamar, vert det avtalt eit møte hos søkjaren. Der går ein gjennom både kvalitetssystem og tekniske prosedyrar.

Avvik og korrigerande tiltak:
Alle observasjonar vert registrerte og søkjar forpliktar seg til å sende korrigerande tiltak til Justervesenet innen avtalt tid.

Godkjenning:
Når sakshandsamar finn at alle krav i forskriften er oppfylte, kan ei godkjenning bli innvilga.

Oppfølgjing:
Laboratorium som skal gjennomføre kontroll av elektrisitetsmålarar etter denne forskriften skal

  • Delta i SLP (normalt årleg), organisert av Justervesenet eller andre instansar som er godkjende av Justervesenet:
  • a) vere akkreditert for å utføre testane som er beskrivne i § 43 og 44 og vere registrert hos Justervesenet eller
    b) vere godkjend for oppgåva av Justervesenet og ha eit kvalitetssystem som innebær minimum at:
    1. Sporbarhet er dokumentert
    2. Usikkerhet er dokumentert – og er liten i forhold til nøyaktighetskravene i denne forskriften
    3. Det fins prosedyrar for alle testar beskrivne i § 43 og § 44
    4. Det fins dokumentasjon på kompetanse
    5. Krav til testforhold er beskrivne
    6. Det fins prosedyre for avviksbehandling
    Ei oppsummering av krav som blir stilt av Justervesenet til laboratorie som søkjer om godkjenning kan sendast ut ved etterspurnad.

Kontaktpersoner: Hossein Piltan

Sist endret 24. september 2015
MENY