Søk

close search
Justervesenet - logo
Din tid er etterforan Justervesenets tid (JV-UTC)

Informasjon om kontroll under bruk:

”Forskrift om krav til elektrisitetsmålere under bruk” er utarbeidd i samarbeid med Energibedriftenes landsforeining (EBL) og KS Bedrift og vedteke av Justervesenet. Ho stiller presisjonskrav til elektrisitetsmålarar. Dette har som følgjer at det blir sett kvalitetskrav til mellom anna alle målarar som er installerte i hushald og mindre næringsverksemd.

For å sikre kvaliteten på målarane, skal nettselskapa setja i verk kontrollopplegg etter retningslinjer som er gjeve i forskrifta. Selskapa skal mellom anna sørgje for stikkprøvekontroll av målarar som er i bruk i deira nett. Sjølve testinga av målarane skal ikkje utførast av selskapa sjølv, men av uavhengige laboratorium. Desse laboratoria må dokumentera sin kompetanse anten ved akkreditering eller ved godkjenning frå Justervesenet. Justervesenet skal føre tilsyn med ordninga.

Forskrift om krav til elektrisitetsmålere

Tidlegare forskrifter om krav til elektrisitetsmålarar, finn du under regelverk, oppheva regelverk.

Informasjon om godkjenning av laboratorium

Opplysningsskjema for registrering i El-base

Oversikt over godkjende/akkrediterte laboratorium:

Nr. Namn Adresse Poststad Godkjend/akkreditert Lab Felt
1 Elsikkerhet Norge Tandeveien 100 2390 Moelv godkjent

x

x

2 HK-Målelab/Helgelandskraft AS Industriveien 7 8657 Mosjøen godkjent

x

3 Infratek Elsikkerhet Breivollveien 31 0247 Oslo godkjent

x

x

4 IKM Laboratorium AS Postboks 124 4098 Tananger akkreditert

x

x

5 ista Norge AS Vestre Rosten 85 7075 Tiller akkreditert

x

x

6 MeterTech A/S Klæbuveien 194 7037 Trondheim akkreditert

x

x

7 Tromskraft Nett AS Evjenveien 34 9291 Tromsø godkjent

x


Kontaktpersonar: Nils M. Thomassen og Hossein Piltan

Sist endret 14. september 2016
MENY