Søk

close search
Justervesenet - logo
Justervesenets klokke (JV-UTC):

Gjennom tilsynsarbeidet sitt syrgjer Justervesenet for tillit til at måleresultat er tilstrekkeleg nøyaktige

Dagleg omgir vi oss med måleresultat, til dømes som grunnlag for økonomiske oppgjer. Det kan for eksempel vera når vi fyller bensin eller når vi kjøper grønnsaker eller ferdigpakka produkt hos kjøpmannen. Andre område er der industribedrifter sel eller kjøper produkt basert på vekt eller volum, når Biltilsynet kontrollerar om det er overlast på lastebilen eller når oljeselskapa betaler bensinavgift basert på målarane som blir brukte på tankanlegga.

Felles for alle desse eksempla er viktigheiten av å kunne stole på at måleresultatet er tilstrekkeleg nøyaktig. Som forbrukar vil det vera ei umogleg oppgåve å kontrollere dette sjølv. Myndigheitene set krav til måleredskapa som vert nytta på dei områda der det er av vesentleg betydning å sikre tillit til måleresultata.

Kva meiner vi med tilstrekkeleg nøyaktig, og kva betyr det for deg som forbrukar?

Det er lov å ha avvik innanfor rimelege grenser. Når du til dømes fyller bensin på bilen din er krava til nøyaktighet på måleresultatet ± 0,5%. Det betyr at dersom du fyller 40 liter på tanken, kan det vera eit avvik på ± 0,2 liter. I dag er det berre 2-3% av pumpene som har feil som ligg utanfor kravet. Avvika er små.

Grensene for lovlege avvik må bli sett i eit samfunnsøkonomisk perspektiv. Dersom til dømes alle bensinpumpene hadde nulltoleranse for feil, måtte Justervesenet ha brukt urasjonelt mange ressursar for å overvake dette. Innanfor ramma tilstrekkeleg nøyaktig ligg difor feilmarginen ein som forbrukar og næringsdrivande må leva med.

Kontaktperson: Nils M. Thomassen

 

Sist endret 7. april 2022