Søk

close search
Justervesenet - logo
Din tid er etterforan Justervesenets tid (JV-UTC)

Nærings- og fiskeridepartementet innførde i 2016 årsavgift for nettselskapa.

Ei årsavgift gir Justervesenet den fleksibiliteten som er nødvendig for å utøve tilsyn der kor bransjen treng det mest. Aktørane i bransjen blir dermed fakturerte ei årsavgift som tilsvarer ein gjennomsnittssum av dei kostnadene Justervesenet bruker på tilsynet. Det blir forventa at Justervesenet dei nærmaste åra vil ha ein stabil ressursbruk på dette området. Dermed vil årsavgifta tilsvare dei kostnadene Justervesenet har med tilsynet av bransjen.

Innføring av årsavgift etter mengda målepunkt
Ei lik årsavgift fordelt på bransjen blir ikkje vurdert som rettferdig, då store aktørar i større grad blir gjenstand for tilsyn på grunn av høgare risiko og tidsbruk. NFD innfører derfor 3 ulike satsar for årsavgift avhengig av omfanget av målepunkt:

  • Selskap med under 10 000 målepunkt får ei årsavgift på 8220,-
  • Selskap som har frå 10 000 til 50 000 målepunkt får ei årsavgift på 28 780,-
  • Selskap med over 50 000 målepunkt får ei årsavgift på 61 680,-

Kva inneber det i praksis?
Beløpet blir årleg fastsett av Nærings- og fiskeridepartementet, og skal finansiere Justervesenet sitt tilsyn. Årsavgifta blir betalt uavhengig av om selskapet blir ført tilsyn med eller ikkje det gjeldande året. På denne måten er alle rørte med på å betale kostnadene ved tilsynet, og medverker slik at tilliten til bransjen blir oppretthalden.

Les meir om bakgrunnen for årsavgift her.

Sjå også vår spørsmål og svar-side.

Ønskjer du ytterlegare informasjon om Justervesenet sin årsavgift, ta kontakt med oss.

Sist endret 13. januar 2017
MENY