Søk

close search
Justervesenet - logo
Din tid er etterforan Justervesenets tid (JV-UTC)

Definisjonar på grunneiningane i SI

I det følgjande skal vi presentere definisjonar for dei 7 grunneiningane i SI-­systemet slik dei er i dag. Mange av dei har blitt endra sidan eininga først kom med i systemet, og vi må forvente at dei også kjem til å bli endra i framtida. I parentes er for kvar grunneining skrive årstal for når CGPM vedtok den siste definisjonen av eininga.

Tid (t): sekund [s]
1 sekund er 9 192 631 770 periodar av dei svingingane som svarar til overgangen mellom dei to hyperfinnivåa i grunntilstanden i 133Cs. (13. CGPM­1967)

Lengde (l): meter [m]
1 meter er den strekninga lyset tilbakelegg i tomt rom på 1/299 792 458 sekund. (17. CGPM ­ 1983)

Masse (m): kilogram [kg]
1 kilogram er massen av den internasjonale kilogramnormalen. (3. CGPM ­ 1901)

Elektrisk straum (I ): ampere [A]
1 ampere er den konstante straumen som lagar ei gjensidig kraft på 0,2 mikronewton pr. meter leiar når straumen går gjennom kvar av to rettlinja, parallelle, uendeleg lange leiarar med sirkulært og neglisjerbart lite tverrsnitt, og leiarane er plassert i ein meters innbyrdes avstand i tomt rom. (9. CGPM ­ 1948)

Termodynamisk temperatur (T ): kelvin [K]
1 kelvin er brøkdelen 1/273,16 av den termodynamiske temperaturen for trippelpunktet til vatn. (13. CGPM ­ 1967).
Eininga kelvin og symbolet K blir også brukt for å uttrykke eit temperaturintervall eller ein temperaturdifferanse. Ved sida av termodynamisk temperatur (symbol T ) brukar ein også celsius-temperatur (symbol t) definert ved likninga t = T – 273,15 K. Celsiustemperatur blir uttrykt i grad celsius. Eininga grad celsius er lik eininga kelvin, og eit temperaturintervall eller ein temperaturdifferanse kan også uttrykkjast i grad celsius.
Den internasjonale temperaturskalaen av 1990 (ITS­90) er den internasjonalt vedtekne måten å realisere temperaturmålingar i kelvin på. Den er basert på eit utval av veldefinerte faseovergangar i reine substansar (fikspunkt), og desse er gjevne presise verdiar for termodynamisk temperatur. Skalaen dekker området frå 0,65 K til 1778 K med fikspunkt, og definerer også instrument for å interpolere mellom fikspunkta. ITS­90 beskriv også bruk av Plancks strålingslov for høgare temperaturar.

Stoffmengde (n): mol [mol]
1 mol er den stoffmengda av eit system som inneheld så mange elementære einingar som det er atom i 0,012 kg av 12C. (14. CGPM ­ 1971)

Lysstyrke (I): candela [cd]
1 candela er den lysstyrken som i ei gitt retning, frå ei kjelde som stråler ut monokromatisk lys med frekvens 540 THz og som har ein strålingsintensitet i denne retninga på 1/683 watt per steradian. (16. CGPM ­ 1979)

Kontaktperson: Hans Arne Frøystein

Sist endret 3. januar 2017
MENY