Søk

close search
Justervesenet - logo
Din tid er etterforan Justervesenets tid (JV-UTC)

Klimarom til utleige for testing av måleutstyr

Sidan august 2009 har Justervesenet hatt eit klimarom (kammer) som er designa for å klare dei vanlegaste IEC-standardane som tek for seg testing ved ulike miljøtilhøve. Klimarommet er svært nyttig for dei som skal typegodkjenne, eller klimateste elektronisk utstyr. Ikkje minst må elektronisk utstyr som nyttast i måleteknikk oppfylle krav gitt i internasjonale standardar. Dette er nødvendig for å få produkta ut i marknaden.

Rommet er av typen ACS Wazzle WZH30 B2 SP, og er eit såkalla walk-in-closet, som ein fysisk kan gå inn i for å klargjere utstyr for test. Det kan regulerast i temperatur mellom -40 °C og +80 °C, og i fuktigheit mellom 10-98 %RH for temperaturar over 0 °C.

Klimarommet er på ca 30 m3; 2,50 m høgt, 3,25 m breitt og 3,60 m langt. Inne i rommet heng ei kran som kan lyfte inntil 500 kg. Denne gjer det enklare å få plassert inn stort, tungt utstyr gjennom den 2×2 m2 store døra. Ein kan også køyre truck heilt fram klimarommet.

Ta kontakt om du ynskjer å leige klimarommet for testing.
reidun på klimarommet
Frå klimarommet: Utstyr gjerast klar for testing.
Foto: Thomas Framnes

Sjå Prisliste for utleigeprisar.

Kontaktperson: Reidun Anita Bergerud

Sist endret 3. november 2016
MENY