Søk

close search
Justervesenet - logo
Din tid er etterforan Justervesenets tid (JV-UTC)

Døme på instrument som kan kalibrerast:

  • Strålingstermometer (pyrometer, IR-termometer, «lasertermometer» mm.)
  • Svartkroppar (blackbodykjelder, kalibreringskjelder).
  • Termografikamera

Temperaturområde:
Strålingstermometer: frå 10 °C til 1700 °C
Svartkroppar: frå -40 °C til 1700 °C *
* For temperaturar under 0 °C er vi avhengig av at blackbodyen sjølv kan forhindre kondens/is på kaviteten.

Storleik på aperture er maksimalt 10-41 mm diameter, avhengig av temperaturområde.

Måleusikkerhet:
Måleusikkerheten er frå omlag 0,3 °C og oppover, avhengig av spektralområde, temperatur og kalibreringsobjekt.

Metode:
Kalibreringa blir gjort gjennom samanlikningsmålingar med kalibrerte strålingstermometer eller andre typar kalibrerte termometer.

Laboratoriet er utstyrt med fleire svartkroppar og strålingstermometer. Strålingstermometera er kalibrert på NPL (National Physical Laboratory) i England eller PTB (Physikalich-Tecknischen Bundesanstalt) i Tyskland i samsvar med den internasjonale temperaturskalaen ITS-90, og kan brukast som transfernormalar i heile temperaturområdet.

Kontakttermometer brukt i eigne, veldefinerte blackbodyar er og kalibrert hos Justervesenet i samsvar med ITS-90. Desse dekkjer temperaturområdene 10 – 100 °C og 300 – 1000 °C.

Kalibreringar kan dersom kunden ønskjer det også innehalde size-of-source (SSE) evaluering og avstandstest (for strålingstermometer), eller uniformitets- og stabilitetsmåling (for blackbodyar).

Sporbarhetskart, kalibrering av strålingstermometer/termografikamera:

sporbarhetskart strålingstermometri

Sporbarhetskart, kalibrering av blackbody:

sporbarhetskart blackbody

Kontaktperson: Åge A. F. Olsen

Sist endret 24. september 2015
MENY