Søk

close search
Justervesenet - logo
Din tid er etterforan Justervesenets tid (JV-UTC)

fuktighet_display

 Instrument som kalibrerast:

  • Duggpunkthygrometre, duggpunktspeil
  • Relativ fuktigheitshygrometre
  • Lufttemperatur termometre

Kalibreringsområde:

  • Duggpunkt: – 40 °C til 90 °C kalibrert mot referanse MBW 373HX,
    – 75 °C til 20 °C kalibrert mot referanse MBW DP30SHSX
  • Relativ fuktigheit: 10 % RH til 95 % RH i temperaturområdet -10 °C til 90 °C
  • Lufttemperatur: – 40 °C til 90 °C

Sporbarheit
Referanse duggpunktspeil kalibrerast eksternt ved eit anna nasjonalt laboratorium med sporbarheit til internasjonale normaler.
Referanse termometre kalibrerast hjå Justervesenet med sporbarheit til realisering av ITS-90.

Metode for måling av duggpunkt:
Instrumentet vert kalibrert ved komparering mot ein referanse. Ein generert luftstrøm med definert duggpunkt ledes parallelt over referanseinstrumentet og instrumentet til kalibrering. Kalibreringen gjennomføres ved å samanlikne duggpunktsverdiane til instrumentene.

Resultata for kvart prøvepunkt vert angitt som gjennomsnittsverdia av minst ti avlesingar i ein 10 minutters periode, for både stigande og fallande målesekvens.

Metode for måling av relativ fuktigheit og lufttemperaturer:
Instrumentet vert kalibrert ved komparering mot eit referanse duggpunktspeil og referanse termometer. Instrumentet til kalibrering plasseres i eit klimakammer som reguleres for referanse temperatur og fuktigheit. Kalibreringen gjennomføres ved å samanlikne temperatur og utrekna fuktighetsverdier frå referanseinstrumenter med den verdi instrumentet til kalibrering viser.

Resultata for kvart prøvepunkt vert angitt som gjennomsnittsverdien av minst ti avlesingar i ein 10 minutters periode, for både stigande og fallande målesekvens.

Ved bestilling av kalibrering må kunden opplysa om duggpunkt eller temperatur og relativ fuktighet som instrumentet skal kalibrerast ved.

Sjå Prislista for prising av desse kalibreringstjenestene.

Har du spørsmål, ikkje nøl med å kontakte oss.

Kontaktperson: Peter Rothmund

Sist endret 17. mars 2016
MENY