Søk

close search
Justervesenet - logo
Din tid er etterforan Justervesenets tid (JV-UTC)

Kalibrering av normalar og måleinstrument
For at ei måling skal kunne dokumenterast, må måleresultatet vera sporbart (eng: traceable). Sporbarhet er ein eigenskap ved måleresultatet eller til verdien til ein normal som gjer at ein kan relatere resultatet eller verdien til ein referanse (vanlegvis ein nasjonal eller internasjonal normal), gjennom ei ubroten kjede av kompareringar, der alle har oppgitte usikkerheter. I samband med kvalitetssikring etter ISO­9000­ serien eller ISO 17025, må måleutstyret vera sporbart. I praksis må ein sørgje for at måleutstyret er kalibrert, med definerte intervall, hos eit laboratorium som har den nasjonale normalen, eller til eit laboratorium som igjen har fått sine referansar kalibrerte mot den nasjonale normalen. Det kan gjerne vera mange ledd i denne
kjeda, så lenge måleresultatet for kvart ledd er dokumentert med usikkerhet.

Neste spørsmål er: Korleis kan ein stole på måleresultatet og usikkerheten som er oppgitt? Ein har i utgangspunktet tre alternativ: Det eine er sjølv å undersøkje (revidere) det laboratoriet som har kalibrert utstyret, det andre alternativet er å be om uavhengig (tredjeparts­) godkjenning av laboratoriet. Siste alternativ er å stole på det ein får utan vidare. I samband med akkreditering av laboratorium vert det forlanga at kalibreringar skal vera utført enten hos eit akkreditert kalibreringslaboratorium eller hos eit nasjonalt laboratorium. I samband med sertifisering av verksemder er praksis ikkje så streng, og krav til sporbarhet varierer litt frå sak til sak. Den som skal etablere sporbarhet for utstyret sitt bør uansett gjere ei vurdering av kva parametrar/utstyr som er viktige for den prosessen som ein vil ha kontroll med, og legge ressursane på desse. Dersom du velgjer å få kalibrert utstyret ditt ved Nasjonalt laboratorium vil dette tilfredsstille krav både frå akkrediteringsorgan, sertifiseringsorgan og regulerande myndigheiter.

Sporbarhetshierarkiet

Måleteknisk sporbarhet i næringsliv og offentlig forvaltning oppnås via to veier:

Lovregulert område 
Næringslivet sine målingar og målesystemer kontrolleres av Justervesenet sin tilsynsavdeling, som har sporbarhet for sine instrumenter til nasjonale normaler og SI-einingane. Verksemdene får ein bekreftelse på at måleutstyret gir resultat innenfor godkjente grenser.

Friviljug område
Næringslivet kan opprette friviljug sporbarhet gjennom akkrediterte (prøvings- og) kalibreringslaboratorium til nasjonale normaler og SI-einingane. Ved kalibrering får verksemdene oppgjeve kalibreringsverdier (estimat for avvik frå korrekt verdi) og usikkerhet.

Kontaktperson: Hans Arne Frøystein

Sist endret 24. september 2015
MENY