Søk

close search
Justervesenet - logo
Justervesenets klokke (JV-UTC):

Justervesenet medverka på Ungforsk

24. og 25. september tok Justervesenet i mot elevar som deltok på Ungforskarrangementet.

Nesten 100 nysgjerrige ungdomar fikk ei innføring i tid, lengde og hastighet – som resulterte i ein uhøytidelig fartstest målt med ein av politiet sine laser fartsmålarar.Justervesenet utfører årleg kontroll på alle laser fartsmålarar som blir brukte av politiet i Noreg.

3 vinnarar blei trekte ut frå alle som deltok, som kan vente seg eit nettbrett og to ipodar.

Justervesenet gratulerar vinnarane og takkar for deltakelsen på Ungforsk 2013!

Om Ungforsk
Målsetjinga er å skape interesse for naturvitskap, realfag, teknologi og forsking. Ungdom får oppleve forsking på nært hald gjennom fengjande formidling og interaktive aktivitetar.

Ungforsk er initiert av Akershus fylkeskommune og blir arrangert i samarbeid med forskings- og undervisningsmiljøa på Universitetet i Oslo, Universitetet for miljø- og biovitenskap, høgskulen i Oslo og Akershus, Kunnskapsbyen Lillestrøm og forskingsmiljøet i Lillestrøm (Kjellermiljøet).

Sist endret 15. mai 2019
Arkiv