Søk

close search
Justervesenet - logo
Justervesenets klokke (JV-UTC):

Tillit til måleresultat er ein føresetnad for å oppnå fri handel utan handelshindringar. Det er og nødvendig for forbrukarvern, mattryggleik, overvaking og kontroll av fornybare ressursar, rettstryggleik i saker der tekniske bevis inngår, og ikkje minst korrekt berekning av avgifter med vidare.

Grunnlaget for tilliten er ein nasjonal og internasjonal infrastruktur for måleteknikk. Dette blir kombinert med lovregulering på dei områda der dette reknast for nødvendig, og med friviljug akkreditering og akkreditert sertifisering frå andre område (”friviljug område”). Internasjonale organisasjonar koordinerer og overvakar systemet, og det er inngått avtaler som sikrar kontroll, openheit og innsyn.

Måleteknisk sporbarhet er nødvendig. Det inneber at måleresultat skal kunne førast attende til SI-einingane der det er mogleg, og ellers til anerkjente referansemateriale. Sporbarheten inneber og at måleusikkerheten i alle ledda frå sporbarhetskjeda er kjend.

Justervesenet er norsk representant og aktiv deltakar i det internasjonale arbeidet for å oppnå tillit til norske varer, sertifikat og tenester. Nasjonalt laboratorium er garantisten for sporbarhet til SI-einingane på dei fleste område i Norge. Justervesenet representerer Norge i internasjonale fora og avtaler. For ioniserende stråling er Statens strålevern utpeika til nasjonalt referanselaboratorium, tilsvarande er NILU referanselaboratorium for måling av ozon i luft.

Kontaktpersonar: Hans Arne Frøystein

Sist endret 31. januar 2019