Gå til hovedinnhold Gå til søk
Gå til hovedinnhold
Temaelement 

Nasjonale referanselaboratorium

Desse representerer den høgste nasjonale kompetansen på sine fagområde. Dei er peika ut nasjonalt og deltek i MRA-avtalen til Meterkonvensjonen. Justervesenet har mandat til å peike ut nasjonale referanselaboratorium. Justervesenet sitt eige Nasjonalt laboratorium er referanselaboratorium for dei fleste fysiske storleikane. Statens strålevern er peika ut på områda for ioniserande stråling. NILU (Norsk institutt for luftforsking) er peika ut for måling av ozon i luft. I 2009 blei også NIVA (Norsk Institutt for vannforsking) med som referanselaboratorium, med ansvar for referansemetodar og sporbarhet for måling av metall og næringssalt i vatn. Desse referanselaboratoria blir dermed ein del av Meterkonvensjonen sin avtale om gjensidig aksept av måleresultat.

I Noreg har vi framleis ein del områder innanfor kjemi og mikrobiologi der det ikkje er utpeikte referanselaboratorium, men Justervesenet har som mål å få etablert fleire slike i tida framover. Sjå også her (pdf 222 KB).

Kontaktperson: Hans Arne Frøystein

Tema - info 
Sissel Erlandsen 21.12.2009 Tips en venn om denne siden via en e-post Tips en venn Skriv ut denne siden Utskriftsvennlig side
Tema - rediger