Gå til hovedinnhold Gå til søk
Gå til hovedinnhold
Temaelement 

Kalibrering

Justervesenet tilbyr kalibrering av normalar og måleinstrument. Alle kalibreringane er refererte til dei nasjonale normalane som Justervesenet har ansvar for. Desse representerer dei mest nøyaktige målingane som kan utførast i Noreg. Tenestetilbodet er i utvikling, finn du ikkje eksakt den tenesta du er ute etter på sidene, kan det hende vi kan hjelpe deg likevel, ta i så fall kontakt. Kalibreringar vert utførde både i Nasjonalt laboratorium på Kjeller og ved landet sine fem justerkammer. Kalibreringar som Justervesenet utfører, vil tilfredsstille ISO 9000-krav til sporbar kalibrering for sertifiserte verksemder. Kalibreringar ved Nasjonalt laboratorium og akkrediterte justerkammer vil tilfredsstille NS-EN ISO/IEC 17025 krav for akkrediterte laboratorium. Tek du kontakt med Justervesenet, kan vi gje deg eit tilbod på den kalibreringa du treng. I tillegg til sjølve kalibreringa, kan vi også gje råd om måleteknikk, kalibrering og bruk av måleinstrument.

Vi tilbyr kalibrering innan områda:
  • lengde/dimensjon
  • densitet
  • volum og gjennomstrøyming
  • masse
  • temperatur
  • fukt
  • elektriske storleikar
  • tid og frekvens
  • optiske storleikar

Ordrestadfesting med pris og leveringstid vert sendt etter at vi har motteke ei bestilling. Leveringstida kan variere frå nokre dagar til nokre veker, avhengig av kva slags instrument, måleområde og målepunkt som skal kalibrerast. Tida vil bli avklara i kvart enkelt tilfelle. Arbeidet vil bli dokumentert med eit kalibreringsbevis. I nokre tilfelle vil det vera nødvendig å bestille kalibrering i god tid for å verta garantert rask behandling. Dersom kunden sender inn normal eller instrument utan å bestille/avtale tid først, vil vi og sende ut ordrestadfesting, og gjennomføre oppdraget så snart det let seg gjere. I slike tilfelle vil ofte leveringstida bli noko lengre.

I tillegg til sjølve kalibreringa, kan vi også gje råd om måleteknikk, kalibrering og bruk av måleinstrument.

Vi syner til leveringsvilkåra våre, sjå lenke til høgre.

For nærare informasjon, ta kontakt med: Hans Arne Frøystein
Tema - info 
Sissel Erlandsen 16.04.2010 Tips en venn om denne siden via en e-post Tips en venn Skriv ut denne siden Utskriftsvennlig side
Tema - rediger