Gå til hovedinnhold Gå til søk
Gå til hovedinnhold
Temaelement 

e-merking

Bildet viser symbolet for e-merking



Ferdigpakka varer som blir eksportert frå eit land til eit anna innan EU blir gjenstand for ulike regelverk med tanke på nettoinnhald i pakninga. For ferdigpakninger som er e-merka, gjeld likevel eit felles regelverk for alle EU/EØS-land. Dette regelverket er beskrive i EU-direktiv 76/211/EØF med endringsdirektiv og gjort til ein del av norsk logiving gjennom EØS avtalen og ”Forskrift om e-merking av ferdigpakninger”.

Ferdigpakninger som er e-merka skal blant anna ha eit gjennomsnittleg nettoinnhald som er likt eller større enn det påmerka nettoinnhaldet. e-merket kan nyttast på varer som fylles til ein forhåndsbestemt nettoverdi i området 5 gram/5 ml til 10 kg/10 l. Det er satt toleransar for kor mykje mindre enn påmerka nettoinnhald som det kan vere i enkeltpakninger.

Ordninga er frivillig, men bedrifter som ynskjer å e-merke varene sine, skal i samsvar med forskriften melde dette til Justervesenet. Etter at den norske forskriften trådde i kraft 8. juni 1995, er det ulovleg å e-merke varer som er pakka i Norge utan å ha sendt melding og fått meldinga godkjend av Justervesenet. Det er og ulovleg å importere varer som er e-merka og pakka i land utanfor EU/EØS-området utan å ha sendt melding og fått meldinga godkjend av Justervesenet.

Justervesenet har gjeve ut ei ”Rettleiing for melding om e-merking” som gjev nærmare reglar for meldinga og kva slags krav bedriften må oppfylle for å kunne e-merke. Blant anna må bedriften sørgje for å kontrollere forpakningene sine for å sjå at dei oppfyller forskriften sine krav til merking og nettoinnhald. Kontrollmetodene skal være beskrive i bedriften sitt kvalitetssystem. Melding om e-merking skal sendast til Justervesenet på ”Skjema for melding om e-merking”. Det må leggjast ved enkelte delar av bedriften sitt kvalitetssystem. Kva slags dokumentasjon som trengs er nærmare beskrive i ”Rettleiing for melding om e-merking av ferdigpakninger”. Det er eit krav at måleinstrument som blir nytta i kontrollen, skal vere typegodkjende og justerte.

Forskrift om e-merking av ferdigpakninger, Rettleiing for melding om e-merking av ferdigpakninger og Skjema for melding om e-merking kan lastas ned.

Gebyrliste for saksbehandling for melding om e-merking og oppfølgjing finner du her
.

Spørsmål i forbindelse med ordninga kan rettast til Nils M. Thomassen, Fride Overrein Susegg eller Knut Lindløv.
Tema - info 
Turid K. Viken 10.03.2010 Tips en venn om denne siden via en e-post Tips en venn Skriv ut denne siden Utskriftsvennlig side
Tema - rediger