|
|
Gå til hovedinnhold
Engasjement på taksameterseminar
Stort engasjement då Justervesenet inviterte drosjenæringa til seminar om krav til taksametre.
Forskrift om krav til taksametre vart vedteke 1. oktober. Difor var det behov for å gå gjennom heile regelverket, samt orientere om den praktiske gjennomføringa av Justervesenets kontrolloppgåver.
I tillegg til 8 medarbeidarar frå Justervesenet og 1 representant frå Nærings- og handelsdepartementet, kom rundt 50 deltakarar frå ulike delar av drosjenæringa til Kunnskapens Hus på Kjeller, der møtet vart halde. Det vart i overkant mange for det vesle møterommet, men mykje engasjement veide opp for lite plass. Mange hadde spørsmål om det reint praktiske, som overgangsordninga og dei årlege kontrollane, samt tekniske spørsmål rundt installasjon.
Seminaret tok opp: - Europeisk regelverk og vilkår - Krav i forskrifta inkl. nasjonale tilleggskrav og overgangsordning - Installasjonskontroll – innhald og gjennomføring - Årleg kontroll – innhald og gjennomføring - Innfasing av taksametre som tilfredsstiller krava – korleis vil det gå for seg? Her kan du laste ned presentasjonar fra seminaret, samt anna nyttig informasjon:
Presentasjonene: - Bakgrunn for forskrifta - Årleg kontroll - Installasjonskontroll - Forskrift om krav til taksametre
Nyttig: - Forskrift om krav til taksametre - Brosjyre om samsvarsvurdering og godkjent merking
Dersom du har spørsmål du ikkje finn svar på her, kontakt Nils Magnar Thomassen.

Avdelingsdirektør Knut Lindløv informerer om forskriften.
Kontaktperson: Nils Magnar Thomassen
|
|
|
|
|
|