Søk

close search
Justervesenet - logo
Justervesenets klokke (JV-UTC):

20. mai er verda sin metrologidag

Og det er dagen då Meterkonvensjonen blei stifta i 1875.

Meterkonvensjonen er ein traktat som blei inngått av ei rekkje land, og Noreg har vore med frå start. Målet var at verda skulle bruke same måleeiningar. Konvensjonen la grunnlaget for SI-systemet, som følgjer deg til dagleg.

Metrologiorganisasjonar verda over markerer dagen ved å minne samfunnet på kva for ein verdi målingar har for oss alle, og korleis målingar påverkar oss.

Målingar og verda sine energiutfordringar
Organisasjonen World Metrology Day har valt Målinger og verda sine energiutfordringarsom tema for 2014. Martin Milton, direktøren i det internasjonale byrået for mål og vekt i Paris, seier i eit innlegg på worldmetrologyday.org:

«Utfordringa ved å møte det aukande behovet for energi, og samtidig ha fokus på kostnader og minimalisering av skade på naturen, fører til utvikling av nye energikjelder og betre utnytting av desse. Dette er mogeleg fordi både produsentar og brukarar har tilgang til eit internasjonalt godteke grunnlag for måling av energi.»

Martin Milton sitt innlegg kan du lese her.

Meir om World Metrology Day kan du lese her.

Ikkje meteorologi…
For orden si skuld: Metrologi er læra om måling, og må ikkje forvekslast med meteorologi som er læra om atmosfæren.

Justervesenet ønskjer alle ein god metrologidag! Meteorologar også!

Sist endret 15. mai 2019
Arkiv